For deg ved pumpestasjon eller ventilhusI samband med overføringsnettet skal det også byggast pumpestasjonar og ventilhus.Pumpestasjonane blir i Larsgården, Åse, Breivika, Langevåg, Djupvika og Sunde. Ventilhusa skal byggast ved Borgundfjordvegen og Moa. På Moa er det ved parkeringsplassen ved Spjelkavik kyrkje og materialet i fasaden vert tilpassa kyrkja. Tre av desse prosjekta krev reguleringsplan. Det er Åse, Djupvika og Sunde. Breivika, pumpestasjon I samband med bygging av overføringsnett til Kongshaugen reinseanlegg skal det byggast pumpestasjon i Breivika.Planlagt byggestart hausten 2025.Pumpestasjonen vil ikkje forringa folk sin tilgang til vassdrag eller sette til side andre allmenne interesser. Det vart sendt ut nabovarsel i slutten av mai. Det er to vekers frist for nabomerknader frå varselet vart sendt ut.Dokumenta finn du under her:Følgebrev nabovarsel (PDF, 428 kB)Situasjonsplan (PDF, 3 MB)Situasjonsplan VA (PDF, 633 kB)Fasade og perspektivteikning (PDF, 2 MB)Profil veg 1 (PDF, 280 kB)Profil veg 2 (PDF, 284 kB) Borgundfjordvegen, ventilhus Der overføringsleidninga kjem ned til sjøen ved Borgundfjordvegen skal det byggast ventilhus. Dette er på kommunen sin grunn. Ventilhuset blir tilpassa husa i området. I sommar vart det sendt nabovarsel (PDF, 425 kB) med situasjonsplan (PDF, 480 kB) og fasadeteikning. (PDF, 2 MB) Moa, ventilhus Det skal byggast ventilhus på Moa ved ved parkeringsplassen ved Spjelkavik kyrkje. Heile ventilhuset kjem på utsida av parkeringsplassen, vil ikkje oppta mykje areal og vert ikkje til ulempe for parkering.Materialet i fasaden vert tilpassa kyrkja. I slutten av mai vart det sendt ut nabovarsel. Frist for nabomerknader er to veker frå varselet vart sendt ut. Dokumenta finn du under her:Følgebrev nabovarsel (PDF, 447 kB)Fasade- og perspektivteikning (PDF, 2 MB)Situasjonsplan (PDF, 498 kB)VA-plan (PDF, 445 kB)Plan- og snitteikning (PDF, 2 MB) RA1 Langevåg, pumpestasjon Det skal byggast pumpestasjon ved Langevåg barnehage. Meir informasjon vil kome når det nærmar seg. RA2 Djupvika, pumpestasjon Det skal byggast pumpestasjon i Djupvika. Planane har vore ute på høyring. Høyringsfristen var 4. juli.Du finn meir informasjon og alle sakspapira her. Tirsdag 8. oktober skal plan- og miljøutvalet i Sula kommune ha opp sak om eigengodkjenning av detaljreguleringsplanen. Innstillinga er at kommunestyret kan vedta eigengodkjenning.Sakspapira finn du her. RA3 Larsgården, pumpestasjon Det skal byggast ny pumpestasjon i Larsgården.Meir informasjon vil kome når det nærmar seg. RA4 Åse, pumpestasjon På Åse skal det byggast pumpestasjon.Borgundfjordstien og nausta vert teke vare påEtter høyringsrunde var endeleg plan opp i kommunestyret 6. juni 2024 og vart vedteken. Sakspapira finn du her.Vedtaket vart klaga til Statsforvaltaren som behandla saka og stadfesta vedtaket til Ålesund kommunestyre. Vedtaket til Statsforvalteren les du her. (PDF, 301 kB) Reguleringsplanen for pumpestasjon på Åse er dermed godkjent. Planområdet er markert med raudt i kartet.Dokument i saka Saksdokument i pdf-format:Høringsbrev (PDF, 392 kB)Planutval sak nr. 32 - 19.03.2024 (pdf, 759KB) (PDF, 759 kB) Plankart (pdf, 269KB) (PDF, 752 kB)Planbeskrivelse (PDF, 4 MB)Reguleringsbestemmelser (PDF, 149 kB)Illustrasjonsplan (pdf, 1,2MB) (PDF, 2 MB)Snitt (pdf, 288KB) (PDF, 539 kB)Marinarkeologiske registreringer i Ålesund og Sula kommuner, Museum Vest, dato 11.08.2023 (PDF, 5 MB)Sjekkliste ROS (PDF, 293 kB)Varsel om planoppstart (PDF, 271 kB)Oppsummering av innspill til varsel om planoppstart med forslagstillers kommentarer (pdf, 84KB) (PDF, 293 kB) Flisneset/Hamnevika, pumpestasjon På Flisneset blir reinseanlegget sett ut av drift medan pumpestasjonen skal brukast vidare. I samband med det skal det leggast nokre kortare leidningsstrekk. Dagens leidning ned til Hamnevika skal ligge slik den gjer. Bygging av pumpestasjonen i Hamnevika blir vinteren 2026/2027 og nabovarsel blir sendt ut i god tid. Pumpestasjonen er ikkje detaljprosjektert enno, men plassering, størrelse og utforming skal ivareta friområde, siktlinjer med meir. Røra både til og frå stasjonen vert gravd ned og terrenget stelt i stand etterpå. Ein pumpestasjon er eit lukka anlegg utan skjemmande lukt, bygget blir lydisolert og støynivået lavt. RA Sunde Det har vore varsla om oppstart av arbeid med reguleringsplan for Djupvika, Sunde og Tjørsundet/Tørla i samband med overføringsleidningar. Frist for innspel til planarbeidet var 10. april 2023.Meir informasjon om planane, kontaktperson og så vidare finn du her.Her vert lagt ut meir informasjon etterkvart som det blir klart. Sist endra 29.10.2024 18.43