Høyring for detaljreguleringsplan Djupvika pumpestasjonPlan- og miljøutvalet i Sula vedtok 14. mai å legge planforslag for detaljregulering for Djupvika avløpsanlegg ut til første gangs høyring og offentleg ettersyn.Forslag til detaljreguleringsplan er utarbeidd fordi Sula kommune sine eksisterande reinseanlegg ikkje innfrir dagens krav til reinsing i forureiningsforskrifta. Formålet med reguleringsplanen er å etablere ny pumpestasjon i Djupvika, for overføring av avløpsvatn til reinseanlegget på Kongshaugen. Foreslått formål i denne planen for ny pumpestasjon er avløpsanlegg. Det vert lagt til rette for tilkomstveg, snuplass og landtak for sjøleidningar. Eksisterande reinseanlegg skal bli avvikla, men bygningsmassen blir ståande ettersom bygget også inneheld vassleidning. Dokumenta i saka finn du her:Offentleg høyring for detaljreguleringsplan (PDF, 495 kB)Forslag til plankart - Detaljreguleringsplan Djupvika (PDF, 222 kB)Planomtale RA2 Djupvika (PDF, 15 MB)Føresegner (PDF, 57 kB)Merknadsoppsummering frå forslagsstillar etter offentleg høyring (PDF, 225 kB)Varsel - Oppstart av reguleringsplanarbeid Detaljeregulering for Djupvika avløpsanlegg (PDF, 84 kB)Fagleg rapport ifm arkeologisk registrering (PDF, 17 MB)Varsel om justert plangrense for Djupvika reinseanlegg (PDF, 246 kB)Frist for å sende inn høyringsinnspel var 4. juli 2024. Sist endra 05.07.2024 08.49