Tilgjengelegheit

Tilgjengelegheit

Alle skal ha like moglegheiter til å bruke denne nettstaden. Derfor arbeider vi heile tida med å gjere det betre for deg som bruker nettsida og bruker gjeldande standardar for tilgjengelegheit.

Tiltak for å støtte tilgjengeligheit

Vi skal:

  • Følge forskrift om universell utforming av IKT.
  • Følge krava i WCAG 2.1 (Digitaliseringsdirektoratet)
  • Halde oppe og vidareutvikle ein tilgjengeleg nettstad.

Dette jobbar vi med

Målet er å gjere innhaldet så tilgjengeleg som mogleg for alle brukarar:

  • Tekstane skal ha god struktur som er lett å navigere i, og dei skal skrivast i eit klart og tydeleg språk.
  • Når vi bruker bilde og grafikk, skal vi sjå til at informasjonen også blir forklart for brukarar som ikkje kan sjå.
  • Når vi bruker video eller lydopptak, skal den vere teksta, og når vi bruker lyd skal innhaldet også kome fram som tekst.
  • Vi som publiserer på nettstaden får opplæring og rettleiing i korleis vi skal lage universelt utforma innhald.
  • Vi testar og kvalitetssikrar innhaldet jamleg, slik at brukaropplevinga blir best mogleg.

Sei ifrå om manglande tilgjengeligheit

Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller skriv vi på ein måte som er vanskeleg å forstå?
Vi set stor pris på tilbakemeldingar om tilgjengelighet!

Send oss ei melding her.

Tilgjengelegheitserklæring

Alle offentlege verksemder pliktar å ha ei eiga tilgjengelegheitserklæring.

Les vår tilgjengelegheitserklæring

Til toppen