2021, Planutvalet, sak 102/21, Konsekvensutgreiinga er ferdig, skal ho ut på høyring?
Konsekvensutgreiinga finn du her: KU - Samla konsekvensutgreiing (PDF, 25 MB)
Politiske saker frå Sula finn du her.
2021, Kommunestyret, sak 45/21, Godkjenning av forprosjekt og vidare samarbeid om Kvasnes avløpsreinseanlegg.
Etter at saka var sendt ut, har politikarane både i Ålesund og Sula meldt inn nye spørsmål. Spørsmåla og svara finn du i lenkene under:
Spørsmål k-styre Sula juni 2021 (PDF, 313 kB)
Spørsmål k-styre Ålesund juni 2021 1 (PDF, 810 kB)
Spørsmål k-styre Ålesund juni 2021 2 (PDF, 310 kB)
Sula kommunestyre vedtok med 16 mot 13 stemmer å gå vidare med detaljprosjektering av anlegg på Kvasnes med tillegg om utgreiing av to alternative utsleppspunkt og at ein skal ha spesielt fokus på miljøgifter og tungmetall.
Politiske saker frå Sula finn du her.
2021, Formannskapet, sak 47/21, Godkjenning av forprosjekt og vidare samarbeid om Kvasnes avløpsreinseanlegg.
Med fire mot tre stemmer vedtok formannskapet innstillinga frå kommunedirektøren.
Kommunestyret godkjenner forprosjektet slik det er framlagt, og vedtek at ein går vidare med detaljprosjektering av eit felles avløpsreinseanlegg i fjell på Kvasnes.
Kommunedirektøren jobbar vidare med utgreiing av eigarskapsmodell/korleis samarbeidet mellom Ålesund kommune og Sula kommune skal avtalefestast.
Prosjektkostnaden (P50) vert vedteke som prosjektet si styringsramme og skal leggast inn i budsjettplan/økonomiplan i samsvar med avtalt fordelingsnøkkel mellom kommunane. I tillegg skal det settast av ei usikkerheitsavsetning på 25 prosent som ikkje kan brukast av prosjektet utan at det vert gjort særskilt vedtak av kommunestyret.
Politiske saker frå Sula finn du her.
Fagutval for teknisk område, sak 013/21, Godkjenning av forprosjekt og vidare samarbeid om Kvasnes avløpsreinseanlegg.
Med fire mot tre stemmer vart kommunedirektøren si innstilling vedteken.