Kva skjer kva tid?

Her er ei enkel oversikt over den framdrifta i "BLÅ - fjordar for framtida" ut frå det ein veit i dag. 

Tidsplanen kan verte endra.

Byggestart

Planlagt byggestart er før sommaren 2024. .

 

15.05.2024

Einige om grunn til Kongshaugen reinseanlegg

I januar 2024 vart grunneigarane og Sula kommune einige om frivilleg grunnavståing. Det vert dermed ikkje ekspropriasjon og byggestart kan bli før sommaren.

Les meir her. 

09.01.2024

Reguleringsplan vedtatt

4. mai 2023 vedtok kommunestyret i Sula reguleringsplan for Kongshaugen reinseanlegg. 

Meir informasjon finn du her. 

I desember 2023 stadfesta Statsforvaltaren reguleringsplanen.

Meir informasjon og vedtak frå Statsforvaltaren finn du her.

 

04.05.2023

Oppstart planarbeid for overføringsanlegg

Seinvinteren 2023 vart det varsla om oppstart av arbeid med reguleringsplanar for fire stader knytt til overføringsleidningane til Kongshaugstranda reinseanlegg:

Djupvika, Sunde og Tjørsundet har frist for innspel til 10. april. Les meir her.

Åse har frist for innspel til 1. mai. Les meir her. 

15.02.2023

Reguleringsplan ut på høyring

Det faste utvalet for plansaker vedtok 20. desember at framlegget til reguleringsplan for Kongshaugstranda reinseanlegg skal leggast ut på høyring. Det var ope møte om planen 2. februar. Høyringsfristen er 1. mars.

20.12.2022

Grunnundersøkingar

  • For å gi best muleg plassering av berghallar vert det hausten 2022 starta kjerneboring på Kvasnes/Kongshaug. Les meir her
  • Det vert også sett i gang geotekniske og miljøgeologiske grunnundersøkingar fleire stader i Sula og Ålesund kommunar for å sikre  best muleg informasjon om grunnforholda for overføringsanlegg til nytt avløpsreinseanlegg. Les meir her. 
07.10.2022

Konsekvensutgreiing

  • Hausten 2021 var konsekvensutgreiinga som er grunnlaget for reguleringsplanen klar.
  • I konsekvensutgreiinga ser ein på konsekvensar for landskapet, for landbruk og naturressursar, for friluftsinteresser, barn og unge, teknisk infrastruktur og det vert gjort ein ROS-analyse for å vurdere faren for ulykker. Det vert også undersøkt luft- og luktproblematikk, konsekvensar for sjøen både i anleggsfase og drift, støyvurderingar, trafikkforhold og trafikksikkerheit både i anleggsfase og drift, grunnforhold og skredfare, kulturarv, naturmangfald på land og sjø og samfunnsverknader; kva mulegheiter og problem eit anlegg kan gi for området.
  • Konsekvensutgreiing skal også følge reguleringsplanen gjennom heile saksbehandlinga. Du finn dokumenta her.
  • Konsekvensutgreiinga vart tatt til vitande av Sula og Ålesund i juni 2022.
30.06.2022

Forprosjekt for anlegget

  • Forprosjekt gjeld sjølve sjølve anlegget. Her tok ein omsyn til undersøkingar som er gjort i samband med reguleringsplanen i tillegg til at det vart laga ein eigen sikkerheits- og sårbarheitsanalyse for sjølve anlegget.
  • Forprosjektet vart vedteke i juni 2021. Dokumenta finn du her. 

 

30.06.2021

Delrapportar

  • I dei første månadene av 2021 vart fleire delrapportar ferdige. Dette var steg på vegen til ferdig forprosjekt og reguleringsplan.
  • Det er ei lang rekke rapportar som som tek føre seg alt frå straumforholda i fjorden og konsekvensar for naturmangfaldet i sjøen til skredfare og konsekvensar for barn og unge. Du finn rapportane her. 

 

01.01.2021