Einige om grunn til Kongshaugen reinseanlegg

Det blir dermed ingen ekspropriasjon og byggestart kan bli til sommaren.

dronebilde med oversikt over Veibust grunnkrins - Klikk for stort bilete

 

Etter møte med dei sju som eig grunn til fortau langs Kongshaugstranda og administrasjonsbygg til Kongshaugen reinseanlegg, er det no klart at det blir frivilleg grunnavståing og ikkje behov for ekspropriasjon.

Anbodsprosessen med dei førebuande arbeida med fortau, veg og klargjering av tomta måtte før jul stoppast i påvente av avklaring om grunn. Dette anbodet vert no sendt ut på nytt, og det er venta at ein kan skrive kontrakt med entreprenør og starte bygginga før sommaren. 

Anbodet på berghallen vart også sett på vent. Det vert no lagt ut tidleg i vår. Sjølve detaljprosjekteringa av overføringsleidningar, administrasjonsbygg og reinseanlegg har halde fram, alle hovudtrekk er bestemt og utgreia og prosjekteringa vil vere heilt ferdig i løpet av året. I tillegg er dei første 610 meterane med pumpeleidning lagt. 

Kan gå vidare med prosjektet

Avtalen er signert av grunneigarane og vert signert av ordførar, etter at formannskapet har hatt saka til orientering, torsdag 18. januar.   

Teknisk sjef i Sula kommune, Jørn Agersborg, er glad for at ein no har fått ei avklaring og at ein dermed kan gå vidare med prosjektet.

Vi er i ein tidskritisk fase i eit stort prosjekt der forseinkingar kostar mykje. Difor er det svært bra at ein kom i hamn med ein avtale som ikkje påfører innbyggarane i Sula og Ålesund ekstrakostnader med ein mange månader lang ekspropriasjonsprosess.