Det er behov for overføringsanlegg for å frakte avløpsvatn til det nye reinseanlegget som er planlagt bygt for Ålesund kommune og Sula kommune. Frå veke 42 til veke 45 blir det gjennomført geotekniske og miljøgeologiske grunnundersøkingar langs planlagde leidningstrasear.
Arbeidet startar på Tørlavegen før det går vidare til dei andre områda som er merka av i kartet. Områda frå Breivika og over til Borgundfjorden i tillegg til Flisneset blir teke seinare.
Oversiktskart grunnundersøkingar overføringsanleggAlle i områda der det skal arbeidast vil få sms-varsel, og dei som er direkte berørt vert oppringt. Dersom private har installasjonar i grunnen som for eksempel brønn, så er det lurt for begge partar om det blir fortalt om.
Under ein time per punkt
Grunnundersøkingane er små punkt på 50 mm diameter, og arbeidet på kvart punkt er gjort på under ein time. Enkelte av punkta skal undersøkast grundigare og då vert utstyret ståande i litt lenger tid.
Arbeidet skal gjerast med beltegåande geoteknisk borerigg og geoteknisk boretårn på gravemaskin. Boreriggen er 4,5 meter lang og 2,2 meter brei, går på belte og set dermed lite spor.
Når borerigg og gravemaskin er på plass, blir det i kortare periodar vanskelegare å kome seg fram på enkelte vegstrekningar. Dette blir skilta, og sikkerheita til både bilistar, gåande og syklande skal ivaretakast.
Arbeidet blir utført i to omgangar på kvar stad. Først blir det ein innleiande runde med totalsonderingar for å skaffe informasjon om lagdeling, relative mekaniske eigenskapar til lausmassen og påvising av berg der dette er relevant. I andre runde vil det bli prøvetaking av representative prøver og supplering med andre undersøkingsmetodar frå utvalde punkt.
Normal arbeidstid for borelaget er frå kl 7 til 19 mandag til og med fredag.
Sjå detaljerte planar og oversikt for for borpunkta på karta under
Har du spørsmål?
Har du spørsmål om grunnundersøkingane, ta kontakt med:
- Per Arne Farstad (Feltkoordinator, Multiconsult), tlf.: 413 10 701
Har du spørsmål om prosjektet, ta kontakt med:
- Elin Nerem, prosjektleiar, Norconsult, tlf.: 916 94 075, e-post: elin.nerem@norconsult.com