Hausten 2022: Kjerneboring på Kvasnes/Kongshaug

For å sikre best muleg plassering av berghallar vart det hausten 2022 starta kjerneboring på Kvasnes/Kongshaug.

Anlegget i berg som er planlagt bygt i samband med nytt reinseanlegg for Ålesund kommune og Sula kommune er stort, og det er viktig for prosjektet å forsikre seg om at desse berghallane blir lagt til eit område nede i fjellet med best muleg kvalitet for bygging.

Etter avklaringar med grunneigarar går ein difor no i gang med vidare grunnundersøkingar med kjerneboringar i eit område mellom Kvasnes og Kongshaugen.

Den planlagte boringa er eit 300 meter langt borehol med startpunkt like ved stien ved enden av Torvmyrvegen. Frå boringa vil ein hente ut borkjernar, sylindriske prøver av berget, for vidare undersøkingar.

Arbeidet skal gjerast med borerigg, og for å få riggen fram til borepunktet må ein planere stien nokre stader i tillegg til å rydde skog langs stien. Det må også ryddast og planerast for borerigg, aggregat og containerar ved sjølve oppstillingsplassen.

I boreperioden vil delar av utstyret bli ståande på stien, men det vert lagt til rette slik at folk kan gå forbi borestaden medan arbeidet pågår.

Aggregatet er støysvakt og entreprenøren oppgir lydnivået til 90 dB rett ved aggregatet og 70 dB 15 meter unna. Aggregatet vert ståande om lag 40 meter frå næraste bustad.

Borearbeidet skal gjerast slik at påverknad på omgivnadene vert avgrensa i størst muleg grad og terrenget skal tilbakeførast til same stand som før undersøkingane.

Førebuande arbeid med rydding av skog og planering av sti skjer no, oppstart av boring vert komande veke og er planlagt å vare i inntil fem veker frå oppstart.

Normal arbeidstid for borelaget er kl 7 til 19 mandag til og med laurdag. I tillegg til borearbeidet vil ein pickup køyre ut kjernekassene som er produsert kvar dag.

 

Har du spørsmål om testboringa, ta kontakt med:

  • Per Arne Farstad (Feltkoordinator, Multiconsult), tlf.: 403 10 701

Har du spørsmål om prosjektet, ta kontakt med:

  • Tore Pettersen (Prosjekteringsleiar, Asplan Viak), tlf.: 911 17 905, Tore.Pettersen@Asplanviak.no