Oppstart planarbeid Åse

Våren 2024 vart det arbeidd med detaljregulering for reinseanlegg på Åse i samband med overføringsleidningane til Kongshaug reinseanlegg.

Formålet med reguleringsplanen er å tilrettelegge for ny pumpestasjon, garderobe, pauserom og lager for kommunen si VA-avdeling og friområde.

Det vert varsla om at planarbeid er sett i gang for å avdekke om planane kan kome i konflikt med viktige omsyn i områda og for at naboar og andre aktuelle partar skal kunne kome med innspel tidleg i planprosessen.

Innspel til planarbeidet må sendast innan 1. mai til Asplan Viak AS v/Anna Hellstrøm på e-post til anna.hellstrom@asplanviak.no eller i brev til Asplan Viak AS, Lerstadvegen 545, 6018 Ålesund. 

Når fristen for innspel er ute, vert plandokumenta utarbeidd før dei skal til politisk behandling og ut på høyring. Etter høyringsperioden vert planforslaget revidert før kommunestyret skal gjere endeleg vedtak.. 

Ingen av planområda er vurdert til å kome inn under krav om konsekvensutgreiing.

Sakspapir med planinitiativ med meir finn du under. Har du bruke for meir informasjon, kan du kontakte Anna Hellstrøm på e-post eller telefon 47 67 27 92.

Varsel om oppstart (PDF, 246 kB)

Planinitiativ (PDF, 2 MB)

Planavgrensing.  (PDF, 563 kB)

Referat oppstartsmøte (PDF, 3 MB)

Du kan også sjå samla informasjon om reguleringsplan for Åse reinseanlegg hos Asplan Viak her.