Kva tid kan eg seie mi meining?

Kva tid kan eg seie mi meining?

Du kan sjølvsagt til ei kvar tid seie kva du meiner om planane til politikarane og administrasjonane gjennom direkte kontakt med dei, gjennom tradisjonelle media og sosiale media.

I samband med at reguleringsplanen er lagt ut til høyring, vert det  ope møte der vi gir informasjon om «BLÅ – fjordar for framtida» og der innbyggarane kan stille spørsmål. Møtet vert torsdag 2. februar kl 18-20 i amfiet på Sula ungdomsskule.

Høyringsfristen er 1. mars

  • Sjølv om planen gjeld eit område i Sula kommune, så kan alle innbyggarar både i Ålesund og Sula, kome med merknad til planen. Alle merknader blir med vidare i den politiske behandlinga av saka.
  • Dersom politikarane i neste runde seier ja til reguleringsplanen og planen vert vedteken, kan dei som vil klage på vedtaket. 
  • Dersom politikarane i Sula seier ja til reguleringsplanen, må ein søkje Statsforvaltaren (tidlegare Fylkesmannen) om utsleppsløyve. Denne søknaden skal også ligge ute til offentleg høyring slik at innbyggarane kan kome med merknader.

Byggestart og oppstart

Planlagt byggestart er 2024 med forventa oppstart av drift ved årsskiftet 2027/2028.

 

31.01.2024

Oppstart planarbeid for overføringsanlegg

Midt i februar 2023 vart det varsla om oppstart av arbeid med reguleringsplanar for tre stader knytt til overføringsleidningane til Kongshaugstranda reinseanlegg: Djupvika, Sunde og Tjørsundet. Frist for innspel er 10. april. Les meir her.

Åse kjem seinare. 

15.02.2023

Reguleringsplan ut på høyring

Det faste utvalet for plansaker vedtok 20. desember at framlegget til reguleringsplan for Kongshaugstranda reinseanlegg skal leggast ut på høyring. Det var ope møte om planen 2. februar. Høyringsfristen er 1. mars.

20.12.2022

Grunnundersøkingar

  • For å gi best muleg plassering av berghallar vert det hausten 2022 starta kjerneboring på Kvasnes/Kongshaug. Les meir her
  • Det vert også sett i gang geotekniske og miljøgeologiske grunnundersøkingar fleire stader i Sula og Ålesund kommunar for å sikre  best muleg informasjon om grunnforholda for overføringsanlegg til nytt avløpsreinseanlegg. Les meir her. 
07.10.2022

Konsekvensutgreiing

  • Hausten 2021 var konsekvensutgreiinga som er grunnlaget for reguleringsplanen klar.
  • I konsekvensutgreiinga ser ein på konsekvensar for landskapet, for landbruk og naturressursar, for friluftsinteresser, barn og unge, teknisk infrastruktur og det vert gjort ein ROS-analyse for å vurdere faren for ulykker. Det vert også undersøkt luft- og luktproblematikk, konsekvensar for sjøen både i anleggsfase og drift, støyvurderingar, trafikkforhold og trafikksikkerheit både i anleggsfase og drift, grunnforhold og skredfare, kulturarv, naturmangfald på land og sjø og samfunnsverknader; kva mulegheiter og problem eit anlegg kan gi for området.
  • Konsekvensutgreiing skal også følge reguleringsplanen gjennom heile saksbehandlinga. Du finn dokumenta her.
  • Konsekvensutgreiinga vart tatt til vitande av Sula og Ålesund i juni 2022.
30.06.2022

Forprosjekt for anlegget

  • Forprosjekt gjeld sjølve sjølve anlegget. Her tok ein omsyn til undersøkingar som er gjort i samband med reguleringsplanen i tillegg til at det vart laga ein eigen sikkerheits- og sårbarheitsanalyse for sjølve anlegget.
  • Forprosjektet vart vedteke i juni 2021. Dokumenta finn du her. 

 

30.06.2021

Delrapportar

  • I dei første månadene av 2021 vart fleire delrapportar ferdige. Dette var steg på vegen til ferdig forprosjekt og reguleringsplan.
  • Det er ei lang rekke rapportar som som tek føre seg alt frå straumforholda i fjorden og konsekvensar for naturmangfaldet i sjøen til skredfare og konsekvensar for barn og unge. Du finn rapportane her. 

 

01.01.2021
Til toppen