Mai 2023: Reguleringsplanen er vedteken

4. mai vedtok Sula kommunestyre reguleringsplanen for reinseanlegget på Kongshaugstranda. 

Kommunestyret vedtok planen og la til eit punkt meir enn som vart vedteke i planutvalet. Tilleggspunktet seier at  fortau frå KV2 og sørover skal opparbeidast før det blir gitt bruksløyve.

 Politiske saker frå Sula finn du her.

Eventuell klage på vedtaket må sendast til kommunen i løpet av tre veker frå vedtaket vart kunngjort. I behandling av klager på reguleringsplanar, vert det lagt vekt på nye og relevante opplysningar som ikkje tidlegare har vore behandla i samband med saka.