Desember: Juleferie
Entreprenøren tar juleferie og det blir stille på anleggsområdet i jula. Tomta til administrasjonsbygget blir avstengt i denne perioden.
Aurstad Entreprenør startar opp arbeidet igjen 2. januar. Då vert det arbeid på vegen frå riggplassen og vidare innover mot Møre Palleservice, og trafikantane må rekne med innsnevringar og ventetid medan siste innspurt på dette strekket pågår.
November/desember: Innspurt på bygging av ny veg
Det har vore utfordrande og vanskeleg med trafikken på Kongshaugstranda i haust. I desember blir det siste innspurt for å få vegen ferdig. Det betyr ein annan type arbeid og mellom anna bruk av manuell trafikkdirigering i arbeidstida.
Første veka
Fredag 29. november kom høvelen og vil starte arbeidet med klargjering til asfaltering. I denne perioden vert det trafikklys i kombinasjon med hjelpearbeidarar som dirigerer trafikken og noko ventetid i arbeidstida, inntil 15 minutt.
Planen er vidare at første lag med asfalt skal leggast på vegen i løpet av torsdag og fredag 5. og 6. desember. Då blir det asfaltert på ei side av vegen om gangen slik at det kan køyrast på motsett side, men det vil bli noko venting for dei køyrande desse dagane. Ein ser føre seg å få på plass begge køyrefelta fram til tomta for administrasjonstomta og eitt eller to felt frå tomta til krysset ved riggplassen. Dei gåande kan bruke det foreløpige fortauet medan arbeidet med vegen pågår.
Fortau andre veka
I veka som startar med mandag 9. desember skal ein glidestøype fortauskanten. Dette arbeidet vil truleg ta tre, fire dagar. Maskinen bruker eit køyrefelt, men berre i eit avgrensa område slik at trafikken kan passere med bruk av vanlege vikepliktreglar som om det sto ein bil parkert i vegkanten. Det midlertidige fortauet kan også brukast medan fortauskanten blir støypt.
Når fortauskanten er ferdig, skal fortauet avrettast. Det vil ta tre, fire dagar. Medan arbeidet pågår, vil det igjen kunne bli aktuelt med hjelpearbeidar for å dirigere trafikken. Der maskinane jobbar med fortauet kan ikkje fortauet brukast. Det vil blir gjort nødvendig omlegging av gangtrafikken.
Ny runde med asfalt i siste veka før jul
I siste veka før jul er det planlagt å legge asfalt på fortauet og andre lag asfalt på vegen. Under asfalteringa vil det igjen kunne bli noko venting og det er tenkt manuell dirigering av trafikken. Ein dag eller to medan asfaltering av fortauet pågår må vi be folk vurdere om det er nødvendig å bruke fortauet og vegen, slik at vi får så lite trafikk av gåande som råd.
Vi ber også folk i nabolaget på Kongshaugstranda vurdere om det kan vere betre for dei å køyre Kvasnesvegen i dagane fram til og under asfalteringsarbeidet første veka i desember.
Ved inngangen til desember er dette planen for entreprenøren. Uforutsette ting kan skje, og for eksempel mykje snø vil gjere det vanskeleg å halde tidsplanen.
Vi vil oppdatere denne informasjonen etterkvart som arbeidet går framover.
November: Nabolagsmøte 27. november
Etter nyttår startar arbeidet med tunnelar og berghallar til Kongshaugen reinseanlegg. I samband med det blir det nabolagsmøte med informasjon om denne neste fasen i prosjektet.
Møtet blir på Fole festlig, Kongshaugstranda 9, kl 18-19.
På møtet blir det med folk frå prosjektet Kongshaugen reinseanlegg, byggeleiar og entreprenøren.
Dei vil mellom anna orientere om
- byggestart
- korleis arbeidet blir lagt opp, kva tid på dag det blir aktivitet osv.
- sprenging og korleis det vil merkast av folk i området
Det er sett av tid til å svare på spørsmål.
Møtet er ope for alle interesserte og blir annonsert i Sulaposten og Sunnmørsposten i tillegg til at det blir sendt ut invitasjon i postkassene på Kvasneset.
November: Kva skjer over nyttår? Tunellar og berghallar
På nabolagsmøtet 27. november vart det gitt denne informasjonen om arbeid som skal skje over nyttår når B&G Tunnel med hjelp frå Volda maskin på den nye fasen med tunellar og berghallar.
Riggområde og reinseanlegg
På riggområdet vil ein få fleire telt for slikt som lager og verkstad. Reinseanlegget for anleggsvatn skal også stå her. Anleggsarbeidet vil bruke mykje vatn, men dei har eigne pumper og det skal ikkje gå utover vasstrykket til folk i området. Det blir teke jamlege prøver av utsleppsvatnet. Analysene blir ikkje gjort av prosjektet eller entreprenøren, men av eit laboratorium.
Arbeidstid
Planlagt arbeidstid er slik for første veke i to vekers-turnus (startar i veke 1):
- mandag- fredag kl 7-19.30.
- laurdag 7-18
andre veke (startar i veke 2) er slik:
- mandag- torsdag kl 7-19.30
- fredag kl 7-18
- laurdagsfri
Dette er arbeidstider slik det er planlagt. Men, når ein jobbar med sprengstoff, kan det skje at ein av sikkerheitsmessige årsaker, må gjere ferdig ein jobb og at ein dermed av og til må gå utover desse tidene.
Varsling og sprenging
Varsling av sprenging vert gjort gjennom heimesida nabovarsling.no.
Når prosjektet blir lagt ut der, er det enkelt å klikke seg inn og melde seg på varsling slik at du får sms før sprenging.
Fleire hus i området vil ha målar som målar ristingar. Resultata vert følgd med fortløpande og vurdert opp mot retningslinjer i Norsk Standard.
Dersom det er mistanke om skade i samband med sprengingane, så skal folk kontakte forsikringsselskapet sitt.
Massetransport
Det er om lag 150.000 kubikkmeter fast stein som skal takast ut. Mesteparten skal til sjøfylling hos Giørtz på Sjukenesstranda. Det betyr kort transport og lite belastning på Vegbustkrysset.
Omlasting frå mellomlager på tomta for administrasjonsbygget.
Minst 80 prosent av transporten skal foregå med el-lastebil.
Vegen forbi anleggsområdet blir som hovudregel open, men kan bli stengt i korte periodar ved behov, som for eksempel flytting av større maskinar.
Heile presentasjonen frå møtet finn du her. (PDF, 4 MB)
November: Knusing av stein
Oppdatering 12. november:
Havari på maskineriet tirsdag gjorde at ein dessverre måtte bruke onsdag føremiddag til å knuse siste rest. Onsdag rundt lunsj blei utstyr pakka ned og frakta vekk.
Oppdatering 11. november:
På grunn av havari på flyttebilen, vart finknuseverket forseinka til Kongshaugstranda. I tillegg var det nokre innkøyringsproblem.
Difor kom ein seinare i gang med siste rest av steinknusing enn planlagt. Vi må difor finknuse stein mandag 11. og tirsdag 12. november. Dette arbeidet skal pågå mellom klokka 8-16 som tidlegare.
Tidlegare informasjon:
I løpet av fredag 1. november blir grovknusaren av stein pakka ned.
Deretter skal finknusaren etablerast. Igangsetting av denne er planlagt til tirsdag 5. november. Det betyr at det ikkje blir arbeid med og støy frå knusing av stein siste del av fredag, mandag og første del av tirsdag.
Finknusing vil foregå frå tirsdag og maksimalt ut veka, og då er all knuseverksemd på tomta ferdig.
Erfaringsmessig gir finknusing mindre støy enn ved knusing av større stein.
Oktober: Oppdatert støy-info og kortare arbeidstid
23. oktober:
Det blir slutt på steinknusing før og etter vanleg arbeidstid i tillegg til seinare oppstart av anleggsarbeid på laurdagar fram til knusinga er ferdig.
Entreprenøren knuser stein på Kongshaugstranda til utviding av veg og bygging av fortau. Knusing av stein lokalt var eit tiltak for å få mindre trafikk og færre lastebilar langs Kongshaugstranda og gjennom Veibustkrysset.
Steinknusinga har vore følgt opp av støymåling. Måledata for dei første dagane med arbeid viste at ein var under grenseverdiane i Myrlandområdet medan ein låg noko over verdiane på Kongshaugstranda. Difor vart entreprenøren kalla inn til møte torsdag forrige veke. Dei fekk beskjed om å gjere tiltak i løpet av fredag og laurdag før dei kunne starte opp igjen på mandag. Maskineriet har så vorte flytta til eit område som skal gi mindre støy oppover mot bebyggelsen på Kongshaugstranda.
Prosjektleiar for Blå fjordar, Terje Endresen, fortel at støymålingane for mandag og tirsdag viste at ein då var under grenseverdiane.
- Men veret som har vore desse dagane kan påverke støyen. Vi vil difor halde fram med å følgje med på dei daglege rapportane frå støymålarane og vurdere resultata.
Tilpassar arbeidstida
Sjølv om ein no er under grenseverdien, vert det gjort tilpassingar av arbeidstida. Steinknusinga skal ikkje starte før klokka 8 og blir avslutta klokka 16. Dette gjeld mandag til fredag. Laurdagar skal det ikkje knusast stein.
Planen med dei nye arbeidstidene er å knuse stein i to veker framover, til onsdag 6. november. Dei siste dagane vil det erfaringsmessig bli mindre støy. Då skal steinen knusast for andre gong og det er dermed mindre stein som skal gjennom maskineriet enn det var i starten.
Terje Endresen, seier dei er klar over at denne byggefasen med vegarbeid, boring, sprenging og steinknusing er svært krevande for dei som bur på Kongshaugstranda.
Vi prøver å balansere omsynet til dei som bur i området med behovet for framdrift og at vi må halde nede den totale byggetida. Vi klarer ikkje etterkome alle ønske, men i tillegg til å justere tida for steinknusing har vi no også blitt enige med entreprenøren om at dei ikkje skal starte med noko type arbeid før klokka 8.30 på laurdagar fram til knusinga er ferdig. Vi håper desse tiltaka til saman gjer at belastninga for folk i området vert tatt ned.
Oktober: Ferdige med første fase av boring på tomta/arbeidstid
Konturboringa med jamn boring utan avbrekk med sprenging og vekk-køyring er no ferdig. No går ein frå denne intense fasen av arbeidet til å arbeide seg nedover i tomta med kortare boreintervall, skyting og vekk-køyring av masse.
Etter ei totalvurdering så er entreprenøren nøydd til å halde fram med seks dagars arbeidsveke, for å halde framdrifta og forkorte den totale arbeidsperioden. Seksdagarsveke er i tråd med regelverk og kontrakt.
Bore- og skytearbeidet med klargjering av tomta er med det vi veit no i midten av oktober venta å ta eit par månader medan arbeidet med breiare veg, fortau og gatelys ikkje er planlagt ferdig før ut på vinteren.
Oktober: Ver varsam i trafikken
Det er trangt om plassen langs Kongshaugstranda når det skal vere rom for bilar, gåande og syklande og anleggsarbeid samtidig.
Vi følger opp skiltplanen som er godkjent av Sula kommune i tillegg til at fartsgrensa er redusert og trafikken regulert med trafikklys.
Vi oppmodar alle som ferdast langs vegen om å vere ekstra merksame. Det er mykje som skjer i eit uvant trafikkbilde i tillegg til anleggsmaskinar som arbeider og fleire lastebilar i området enn vanleg. Vi minner også om rådet som alltid gjeld når ein ferdast nær anleggstrafikk; sørg for at du har augekontakt med sjåføren slik at du er sikker på at sjåføren har sett deg.
Både bilistar og mjuke trafikantar må ta ekstra omsyn i denne perioden.
Oktober: Knusing av stein
Informasjon tidleg oktober:
Maskineriet til knusing av stein er på plass på riggområdet på Kongshaugstranda.
Det skal vere to støymålarar på Myrlandsida og ein støymålar på Kongshaugstranda. Støymålarane gjer at vi kan kartlegge at arbeidet skjer i tråd med retningslinjer og standard.
Arbeidet med knusing av stein skal skje i perioden mandag til fredag og mellom klokka 7 og 19. Knuseverket lagar jamn lyd medan lasting og tipping av stein kan gi støytoppar.
Sjå oppdatert informasjon 23. oktober mellom anna om kortare arbeidstid her.
Støykrav
Vi arbeider etter klima- og miljødepartementet sine retningslinjer og standard (T-1442). Det er også det som ligg i kontrakten med entreprenør, og vi har måleprogram og støymålarar for å følge opp og kontrollere at dette blir overhalde.
Korleis skal steinen brukast?
Steinen som skal knusast skal brukast til å bygge ny veg og underlag for fortau. Difor må knusinga må halde fram til behovet for stein til vegen er dekt.
Det skal vere inntil 6.000 kubikkmeter masse som skal knusast lokalt på Kongshaugstranda medan mesteparten av steinen som blir tatt ut av tomta skal fraktast til fylling ved H.I. Giørtz-anlegget på Sjukenesstranda.
Kartlegging av støy
Det var støymålingar i ferien for å kartlegge støy når det ikkje var anleggsarbeid i området. No skal det gjerast støymålingar på begge sider av Vegsundet, for å sikre at ein arbeider innanfor regelverket.
Har du spørsmål?
Er det noko du lurer på eller vil seie i frå om, så ta kontakt med
fungerande byggeleiar Solgunn Gudmundset e-post solgunn.gudmundset@advansia.no eller telefon 98 26 57 22.
Du finn også nytt frå prosjektet og stadig oppdatert praktisk informasjon til naboar her på www.blafjordar.no i tillegg til at vi legg ut nytt om prosjektet på Facebook-sida vår.
Vi sender også ut informasjon i postkassene både på Kvasneset og på Myrland og i Ramsvika.
September: Straks sprenging av tomt, steinknusing, trafikkavvikling med meir
Første veka i september er det ny postkasseinfo til dei som bur på Kvasneset. Informasjonen som er delt ut ser du også her. (PDF, 92 kB)
Snart sprenging på tomta
Det nærmar seg at vi skal starte med sprengingsarbeid på tomta til administrasjonsbygget. Dette arbeidet vil ta om lag to månader og det kan verte eit par, tre sprengingar for dag i snitt. Akkurat når det blir sprengt, kan vegen bli stengt i opptil femten minutt.
I samband med sprenging av tomta vert det montert vibrasjonsmålarar på nokre hus. Kva hus det gjeld har kome fram i tidlegare kartleggingar.
Dersom du vil ha melding om når det skal sprengast, så send ein sms til fungerande byggeleiar Solgunn Gudmundset, tlf 98 26 57 22. Har du meldt frå før om at du vil bli varsla, treng du ikkje gjere det igjen.
Vi følger opp med meir detaljert informasjon her på denne sida.
Steinknusing
Når vi går i gang med sprenging på tomta, skal også ein del av steinen knusast. Det ser ut til at arbeidet med steinknusing vil starte mot slutten av september, og det er planlagt at arbeidet skal vare i om lag ein månad.
Steinen blir knust for at den kan gjenbrukast på tomta og til oppbygging av veg. Det gir mindre transport av massar og dermed mindre trafikk langs vegen
Før arbeidet startar skal det lagast eit støysonekart og ein plan for måling av støy.
Irritert på trafikklysa, ja?
Vi forstår at det er lenge å vente på grønt lys og irriterande når ein kanskje ikkje ser aktivitet langs vegen heller.
Trafikklysa er sett opp for at det skal vere trygt både for deg som går og køyrer langs vegen og dei som arbeider der.
Trafikklysa gjer også at entreprenøren får plass og rom til å arbeide slik at vi kan få raskare ferdig fortauet og den nye vegen og bli kvitt trafikklysa.
Har du meiningar og innspel om dette, så ta kontakt med byggeleiar Solgunn Gudmundset. Dei som arbeider på staden er berre ute på oppdrag frå oss.
Meir graving på sjølve vegen
Utover hausten skal vi arbeide med å ta vekk delar av eksisterande veg og bygge ny. Det betyr naturleg nok smalare veg medan vi arbeider.
Det betyr også at vi må halde styr på trafikken ved hjelp av trafikklys. Vi ser på korleis vi kan få kortast mogleg periode med raudt lys samtidig som vi skal gi entreprenøren rom til å arbeide.
Det er også meininga at ein skal jobbe berre på delar av strekninga slik at ikkje strekket med smal veg og trafikklys blir for langt.
Meir detaljar kjem på www.blafjordar.no når framdriftsplanen er godkjent av Sula kommune.
Ferdig i vinter
Etter planen skal det nye fortauet, gatelys og ny, breiare veg langs Kongshaugstranda vere ferdig i vinter.
Har du spørsmål?
Er det noko du lurer på eller vil seie i frå om, så ta kontakt med
fungerande byggeleiar Solgunn Gudmundset
- e-post solgunn.gudmundset@advansia.no
- telefon 98 26 57 22
Sommar: Ferie og framdrift
Ferie
I juli er det ferietid for entreprenøren som jobbar med nytt fortau langs Kongshaugstranda og klargjering av tomt til administrasjonsbygg. Det betyr rolegare tider og langt mindre aktivitet i området. Begge skifta har ferie frå midten av veke 28 og til midten av veke 31. I tillegg blir det ein periode før og etter desse felles ferievekene der berre det eine skiftet er i arbeid.
Framdrift
Veg:
Grunnarbeid med breidding av veg pågår og vil halde fram etter ferien. Fram mot ferien så arbeidast det ved nordenden og arbeidet er på oppsida av vegen. I slutten av august startar oppbygging av ny veg.
Tomta:
Før ferien vert det arbeidd med å avdekke fjellet, forbolting og førebuing til sprenging. Sprenging av tomta for administrasjonsbygget startar i første halvdel av august etter at det er fjerna lausmasse og tomta er sikra. Når sprenging på tomta har starta, vert det også arbeid med knusing og sortering av massar.
Synfaring på hus og måling av vibrasjon
Vi har hatt ei første runde med synfaring og kontroll av hus der vi arbeider no; i området langs fortauet og ved tomta. Ny runde kjem i november knytt til tunnelarbeid.
Husa som får tilbod om synfaring og kontroll vert utvalt etter faglege vurderingar og retningslinjer.
Sommarinfo i postkasser
Før ferien vart det delt ut sommarinfo i postkasser på Kvasneset. Bodfirmaet vi har brukt kunne dessverre ikkje ta oppdraget denne gongen. Det kan difor skje at der er postkasser som ikkje har fått infoen. Difor ser du den også her:

Juni: Skogrydding, brakker, trafikk, arbeidstid m.m.
- Utover i juni vil skogryddinga halde fram langs vegen og fram til tomta for administrasjonsbygget.
- Plassering av brakker på riggområdet ved Rano anlegg er i arbeid.
- Dei aktive arbeidsområda har nedsett fartsgrense og denne er skilta.
- Arbeid med utsprengning av parkeringsplass for Kongshaugstranda naustlag og utviding av vegen i det same området startar i midten av juni. Massetransport er ein del av dette arbeidet.
- Fjerning av lausmassar og jord langs vegen i forkant av sprenging skjer parallelt.
- Innsnevring av veg vil skje i etappar på rundt 100 meters lengde og det blir etablert skille mellom trafikk og arbeidsområde.
Presisering av arbeidstid og avgrensingar per juni 2024:
- Entreprenøren kan utføre anleggsarbeid mellom klokka 07:00 til 21:00 alle dagar utanom søndag.
- I tillegg er det restriksjonar på støyande arbeid slik som sprenging, pigging og boring. Dette arbeidet skal utførast i tidsrommet 07:00 til 19:00.
Mai: Oppstart av arbeid
Aurstad Tunnel er klar til oppstart med arbeidet på Kongshaugstranda. Etter planen går dei i gang onsdag 29. mai. Då vert det arbeid med skoging og tilkøyring av utstyr i tillegg til maskinarbeid.
Noko av det første blir parkeringsplassen til naustlaget. Det er viktig at denne blir tidleg klar slik at entreprenøren kan plassere utstyr og kome i gang med vidare arbeid.
Kongshaugstranda blir open for trafikk, men vil ha berre eitt køyrefelt nokre stader. Det blir i første omgang skilting og arbeidsvarsling i området ved trafoen og parkeringsplassen til naustlaget før varslinga vert utvida innover etterkvart som arbeidet med skoging går framover.
Vi kjem tilbake med meir informasjon når det nærmar seg sprengingsarbeid. Vil du ha sms med varsel om sprenging, må du sende e-post til byggeleiar Ola Halkjelsvik, ola.halkjelsvik@advansia.no

Mai: Trafikkavvikling, kvar vi skal arbeide, kva tid m.m.
Informasjon frå nabolagsmøtet 7. mai:
Arbeidet startar like etter pinse. Oppstart blir ved kulverten og fortausarbeid innover mot tomta til administrasjonsbygget. Sjølve arbeidet med klargjering av tomt startar i juni, men skoging og anna lett arbeid kan bli tidlegare. Etter ferien startar ein med arbeidet på fortauet frå tomta og lenger innover. Planen er at alt arbeid skal vere ferdig over nyttår.
Arbeidstid:
Det skal arbeidast med to skift og mandag til laurdag. Med seksdagars arbeidsveke vert arbeidet meir effektivt og den totale byggeperioden kortare. Det blir arbeid frå klokka 7 til 21, men det mest støyande arbeidet blir ikkje verken tidleg på morgonen eller seint på dag. Ein sjeldan gong kan det bli unntak, men dette er noko entreprenør må avklare med byggherre.
Vi beklager at det tidlegare har vorte oppgitt arbeidstid mellom 7 og 19. Det rette er arbeid mellom 7 og 21.
Sprenging og varsel:
Sprenging blir varsla med sirene på vanleg måte. Det blir også vakter som sikrar området.
Dei som ønskjer sms-varsling før sprenging, må gi beskjed på telefon eller e-post til Ola Halkjelsvik som er byggeleiar for reinseanlegget. Telefonnummer og e-post til han finn du her.
Sprenging og kartlegging:
Det blir gjennomført synfaring og kartlegging av tilstand på eigedomar i to omgangar. Første runde er i snart ferdig og gjeld området der ein no skal arbeide. Andre runde kjem når arbeid med berghallen skal i gang. Det blir gitt tilbod om målarar til enkelte hus for å overvake vibrasjon og rystelsar til dei næraste husa og etterkvart som ein kjem nær med arbeidet. Vi oppmodar folk om å ta i mot dette tilbodet. Det sikrar deg dokumentasjon dersom det skulle oppstå skadar.
Trafikkavvikling:
Det vil bli periodar med manuell dirigering og eventuelt bruk av forkjørsveg. Entreprenør håper å unngå lysregulering og legg vinn på å halde opp eit køyrefelt så mykje som råd. I korte periodar i samband med sprenging må vegen likevel vere stengt og i korte periodar når det skal leggast rør på tvers av vegen.
Gåande og syklande:
Det blir no jobba med skiltplan saman med Sula kommune, for å gjere vegen tryggast mogleg for mjuke trafikantar. Generell oppmoding er å passe på å halde seg på motsett side av der det blir arbeidd. Og sørg for at du har hatt augekontakt med den som sit i gravemaskin eller lastebil, så du er heilt sikker på at sjåføren har sett deg.
Entreprenør vil jobbe på ei side om gangen slik at det blir minst muleg sikk-sakk-køyring og enklast og tryggast å kome seg fram.
Oppvekst i Sula kommune ser no på dette med skuleskyss.
Knusing av stein/støy:
I møtet var det informert heilt overordna om knusing av stein. Vi vil kome tilbake til meir nøyaktig informasjon om korleis dette skal bli gjort.
Ein mindre del av sprengsteinen skal etter planen knusast på staden og gjenbrukast i grøftene. Det blir lagt opp stein som støyvern for å dempe lyden av steinknusinga.
Entreprenør vil pigge så lite som muleg.
Støy blir målt og overvaka at det er innanfor grenseverdiane.
Støv:
Entreprenøren vil gjennomføre støyreduserande tiltak i anleggsperioden som støvdempemiddel, vask av bildekk, vatn på steinhaugar o.l.
Mai: Byggestart og nabolagsmøte med informasjon
15. mai 2024 blir det markering av byggestart for Kongshaugen reinseanlegg. Det første arbeidet som skal gjerast er bygging av fortau og klargjering av tomta til administrasjonsbygget.
7. mai blir det nabolagsmøte med informasjon om arbeidet som skal gjerast, trafikkavvikling med meir.
Møtet vert på Fole festlig, Kongshaugstranda 9, kl 18-19.
Du kan lese om møtet og byggestart her.
Nabolagsmøtet er annonsert i Sulaposten og Sunnmørsposten i tillegg til at det er lagt informasjon om nabolagsmøtet i postkassene i Veibust grunnkrins.

Februar: Grunnundersøkingar i Breidalen
Vi skal gjere geologiske undersøkingar i området der pipa frå berghallen skal kome opp. Det blir gjort for at vi skal ta ei nærare vurdering av berget der pipa kjem opp og om det må gjerast tiltak for å sikre pipa. Når området er undersøkt, kan ein også vurdere om det eventuelt trengst prøveboring, for å få nok informasjon til vidare planlegging. Før vi kan undersøke området, må vi skoge. Det arbeidet startar tirsdag 20. februar.
Det blir samtidig montert utstyr for overvåking av vannstanden i myra i Breidalen.