Støy og endra arbeidstid

Det blir slutt på steinknusing før og etter vanleg arbeidstid i tillegg til seinare oppstart av anleggsarbeid på laurdagar fram til knusinga er ferdig.

Entreprenøren knuser stein på Kongshaugstranda til utviding av veg og bygging av fortau. Knusing av stein lokalt var eit tiltak for å få mindre trafikk og færre lastebilar langs Kongshaugstranda og gjennom Veibustkrysset.

Steinknusinga har vore følgt opp av støymåling. Måledata for dei første dagane med arbeid viste at ein var under grenseverdiane i Myrlandområdet medan ein låg noko over verdiane på Kongshaugstranda. Difor vart entreprenøren kalla inn til møte torsdag forrige veke. Dei fekk beskjed om å gjere tiltak i løpet av fredag og laurdag før dei kunne starte opp igjen på mandag. Maskineriet har så vorte flytta til eit område som skal gi mindre støy oppover mot bebyggelsen på Kongshaugstranda. 

Prosjektleiar for Blå fjordar, Terje Endresen, fortel at støymålingane for mandag og tirsdag viste at ein då var under grenseverdiane.

- Men veret som har vore desse dagane kan påverke støyen. Vi vil difor halde fram med å følgje med på dei daglege rapportane frå støymålarane og vurdere resultata. 

Tilpassar arbeidstida

Sjølv om ein no er under grenseverdien, vert det gjort tilpassingar av arbeidstida. Steinknusinga skal ikkje starte før klokka 8 og blir avslutta klokka 16. Dette gjeld mandag til fredag. Laurdagar skal det ikkje knusast stein.

Planen med dei nye arbeidstidene er å knuse stein i to veker framover, til onsdag 6. november. Dei siste dagane vil det erfaringsmessig bli mindre støy. Då skal steinen knusast for andre gong og det er dermed mindre stein som skal gjennom maskineriet enn det var i starten.

Terje Endresen, seier dei er klar over at denne byggefasen med vegarbeid, boring, sprenging og steinknusing er svært krevande for dei som bur på Kongshaugstranda.

Vi prøver å balansere omsynet til dei som bur i området med behovet for framdrift og at vi må halde nede den totale byggetida. Vi klarer ikkje etterkome alle ønske, men i tillegg til å justere tida for steinknusing har vi no også blitt enige med entreprenøren  om at dei ikkje skal starte med noko type arbeid før klokka 8.30 på laurdagar fram til knusinga er ferdig. Vi håper desse tiltaka til saman gjer at belastninga for folk i området vert tatt ned.