Får fortida fram i dagen

5000 år gamle gjenstandar blir pirka, grave og vaska fram frå jorda på Kongshaugstranda.

arkeologisk utgraving - Klikk for stort bilete

Vi har funne så mange fine ting, seier utgravingsleiar og arkeolog ved Universitetet i Bergen, Christine Tøssebro.

Til saman var tolv personar med på det to månader lange utgravingsprosjektet på Kongshaugstranda. Om lag halvvegs i utgravingane hadde det allereie samla seg mange posar med fine funn – og ein og annan gjenstanden som er så sjeldant fin at han er lagt i gjennomsiktig spesialboks.

funn etter arkeologisk utgraving - Klikk for stort bilete

Sjå berre på denne øksa her, seier Christine Tøssebro og viser fram ei vakker steinøks i grønstein.

Akkurat kvar steinen til øksa kjem i frå veit ein ikkje, men det er mellom anna noko av det ein skal sjå nærare på etter at utgravingane er ferdige.

Jobben vår no er å grave fram spora frå fortida, og så skal vi bruke det vi finn til vidare forsking.

Frigitt område

Utgravingane på Kongshaugstranda er ein del av det førebuande arbeidet med nytt felles reinseanlegg for Ålesund kommune og Sula kommune. Det blir no gjort systematiske arkeologiske undersøkinga for å sikre informasjonsverdien til kulturminna. Sula kommune har fått dispensasjon til å få frigitt området etter at dei arkeologiske utgravingane er gjorde, og når utgravingane er ferdige, vil området kunne takast i bruk uansett kva funn som blir gjort.

tre personar i samtale ved arkeologisk utgraving - Klikk for stort bileteUtgravingsleiar og arkeolog ved Universitetet i Bergen, Christine Tøssebro viser fram eit av funna dei har gjort ved Kongshaugen til prosjektleiar i Ålesund kommune Terje Endresen og Elin Nerem.

Steinalderbuplass

Sjølv med mange regnfulle sommardagar bak seg, så har ikkje Christine Tøssebro noko vanskar med å sjå at Kongshaugstranda har vore ein fin plass å vere steinaldermenneske. Havnivået var høgare og utgravingsområda har ligge like i strandkanten, i le for vind og ver og med kort veg til fiskeplassar.

Funna vi gjer her kjem frå ei tid før vi fekk fastbuande som dreiv med jordbruk. Dei som budde her var jakt- og jegerfolk og flytta rundt frå buplass til buplass alt etter årstider og sesongar.

Christine Tøssebro seier det er sjeldan dei ser ein så uforstyrra buplass som dei har funne på Kongshaugstranda.

Ofte finn vi for eksempel berre restar etter produksjon av reiskapar, men her har vi vi funne fleire fine reiskapar saman med spor etter telta deira og kvar dei var sett opp, og vi kan berre spørje oss om kvifor dei forlot buplassen og lot så mykje ligge igjen?

Utgravingane på Kongshaugstranda skal vere ferdige 6. oktober.

arkeologisk utgraving - Klikk for stort bilete
tre personar i samtale ved arkeologisk utgraving - Klikk for stort bilete
arkeologisk utgraving - Klikk for stort bilete
funn etter arkeologisk utgraving - Klikk for stort bilete
tre personar i samtale ved arkeologisk utgraving - Klikk for stort bilete
arkeologisk utgraving - Klikk for stort bilete
arkeologisk utgraving - Klikk for stort bilete
funn etter arkeologisk utgraving - Klikk for stort bilete
arkeologisk utgraving - Klikk for stort bilete