Praktisk informasjon til naboar og andreHer finn du praktisk informasjon om det som skal skje både før og i byggefasen for administrasjonsbygg og berganlegg. Meir innhald kjem fortløpande etterkvart som det blir klart. Kva skjer rundt reinseanlegget? Byggestart og tilbod Det er planlagt byggestart i januar 2024. Det første som skjer er knytt til fortau, utviding av Kongshaugstrandvegen til seks meter køyrebanebreidde (pluss skulder) og administrasjonsbygg. Kontraktar og tilbod vert lyst ut over sommaren. Arbeid med grunnkjøp er starta. Det er leigd riggområde på delar av industriområdet. Bekjemping av framandartar Bekjemping av framandartar startar før anleggsarbeida. Registrering skjer alt i slutten av mai. Då blir det både stadfesting av tidlegare registrering av svartelista artar, men også registrering av trua artar (raudlista artar) Dette gjeld kun stader som blir berørt av byggearbeida, og ein skal ikkje inn i hagane til folk. I løpet av sommaren 2023 vert det sprøyta for å drepe framandartar. Planter/tre vert så fjerna når dei er døde. Massar i undergrunn vert fjerna og deponert på godkjent stad. Arkeologiske utgravingar Arkeologiske utgravingar er bestilt. Dei vil pågå hausten 2023. Utgravingane skjer i området rundt der administrasjonsbygget skal ligge. Under utgravingane vert det sett opp avgrensingar mot kjende kulturminne, for at dei ikkje skal bli øydelagde. Utgravingane vert gjort av Museum Vest og følgt opp av Møre og Romsdal fylkeskommune, for å sikre at det ikkje vert gjort skade på kulturminna. Kart som viser sikringsgjerde mot kulturminne Synfaring og overvaking av hus Innanfor rundt 100 meter frå der det skal sprengast, vil naboar få tilbod om synfaring og kartlegging av tilstand på hus, støttemurar og liknande. Synfaringa vil skje av tredjepart som ikkje har noko med prosjektet å gjere. Synfaringa kan skje tidlegast seks månader før oppstart av aktivitet. Dokumentasjon er med video som blir lagra i tråd med personvernreglar. Hus får også vibrasjonsmålar, ein "liten koffert" og med eit innbora målepunkt i husmur. Bergkvalitet og sprengingsarbeid Bergkvaliteten i området er svært god med unntak av ei svakheitssone i Breidalen. Berghallen er plassert slik at ein unngår denne sona. I tunellane blir det typisk 1-2 sprengingar per dag. Sprenging på tomta til administrasjonsbygget vil vare om lag eit sekund medan sprenging i tunellar vil merkast i 5-8 sekund. Det er om lag 20 meter avstand frå husa i Kvasnesvegen og ned til tunellen. Sprenging vil merkast godt og det vil klirre i skap. Ein vil merke det mest når arbeidet i tunnelen nærmar seg, og så vil det minke etter at ein har passert. Sprenging blir gjort innan strenge sikkerheitskrav og sjølv om det merkast godt, vil det ikkje vere farleg. Massetransport og trafikk Det vert auka trafikk inn på Veibustkrysset. Det er diskutert fleire løysingar med Vegvesenet, men avbøtande tiltak vil vere å ikkje sleppe anleggstrafikken inn i krysset i rushtida i tillegg til at ein vil "premiere" korte transportlengder eller transport på lekter i anbodskonkurransen. Under arbeidet blir det vanskeleg å kome fram langs Kongshaugstranda. Det blir lysregulering for tungtrafikk og større bilar. Omkøyring via Kvasnesvegen for personbilar. I nabolagsmøtet med naboane kom det fram fleire gode innspel om utfordringar med å bruke Kvasnesvegen, som vert teke med i vurderingane vidare. Korleis du kan få informasjon om kva som skjer Vi vil legge vekt på å informere nabolaget om aktivitet som skjer både før og under byggefasen. Dei største tinga blir varsla med sms til innbyggarane gjennom Sula kommune sitt varslingssystem. Ver obs på om du har takka nei til å motta sms-ar og dersom nokon ikkje kan opne sms, så sørg for at meldingar blir sendt til nokon som kan opne den. Det kan også skje at du har ein jobbtelefon som er registrert utanfor området. Då får du ikkje sms utan at du gir beskjed om at du vil ha. Du kan melde frå på www.varslemeg.no, eventuelt ta kontakt med servicekontoret i Sula kommune Vi vil også legge ut informasjon fortløpande her på heimesida www.blafjordar.no og på Blå fjordar si Facebook-side. I tillegg kan du melde deg på og få nyheitsbrev tilsendt på e-post. Vil du ha nyheitsbrevet eller har andre spørsmål, send e-post til post@blafjordar.no Sist endra 30.05.2023 11.18