Praktisk informasjon til naboar og andre

Her vil de etterkvart finne praktisk informasjon om det som skal skje både før og i byggefasen for overføringsleidningane. 

kart som viser overføringsnettet - Klikk for stort bilete

 

Det meste av overføringsleidningane skal leggast i sjø. Det er billegast og mest gunstig for klimaet.

Vi gjer også det vi kan for å få fall på leidningane slik at vi er energieffektive og får hjelp av tyngdekrafta til å frakte vatnet. Det blir i tillegg gode rutinar for spyling og pluggkøyring av røra, for å ha opne, reine rør utan unødvendig motstand når ein skal frakte vatnet fram til Kongshaugen.

Det vert i tillegg tatt omsyn til friluftsområde, verneverdig natur, fornminne og så bortetter. Det same gjeld i sjø der ein må ta omsyn til kulturminne og naturvernområde, fiskeri, båttrafikk, vêr-, bølgje- og straumforhold, botnforhold og installasjonar.  

Naboar og private grunneigarar

Røra på land vert for det meste lagt på offentleg grunn, medan det nokre plassar vil gå over landbruksareal og privat grunn. Nokre stader kjem vi også til å bore tunnel til røra i staden for å grave grøft.  

Vi har vore i kontakt med ein del grunneigarar og vil fortløpande ta kontakt med grunneigarar etterkvart som prosjektet går framover.

Her finn du overordna informasjon. Meir detaljert informasjon vil kome etterkvart i tillegg til at vi sjølvsagt vil ta direkte kontakt med naboar og grunneigarar etterkvart som ein nærmar seg arbeid nær dei.

Kva skjer rundt overføringsleidningane?

Pumpestasjonar og ventilhus

I samband med overføringsleidningane skal det også byggast pumpestasjonar og ventilhus.

Dette skjer i Breivika, i Larsgården, på Moa, Borgundfjordvegen, Åse og i Hamnevika i tillegg til Langevåg, Djupvika og Sunde. 

Les meir om pumpestasjonar og ventilhus her.

Har du spørsmål?

Kontakt oss