Overføringsanlegg

Nytt, effektivt og framtidsretta reinseanlegg på Kongshaugstranda krev også eit nettverk av overføringsleidningar. Til saman skal det leggast 37 kilometer nye rør.

Kart over overføringsanlegg - Klikk for stort bileteArbeidsskisse over overføringsanlegget, datert 13. mars 2023.

Når ein samlar elleve reinsestasjonar/reinseanlegg i eitt felles anlegg på Kongshaugstranda, får ein stordriftsfordelar som at det er billegare å drive eitt anlegg enn fleire, det blir sikrare og det blir enklare å møte strengare reinsekrav i framtida.

Også når det gjeld å få avløpsvatnet fram til anlegget på Kongshaugstranda, tenkjer ein på god og effektiv drift. Det gjer at ein ser etter trasear for det nye leidningsnettet der ein i størst mogleg grad får sjølvfall for vatnet. Ein vil ha minst mogleg pumping, for å kutte energibruk og kostnader og få lavare klimaavtrykk. 

Nokre stader gjenbruker ein gamle rør, men til saman skal det leggast nesten 37 kilometer nye rør. For det meste vert dette lagt på offentleg grunn medan det nokre plassar vil gå over landbruksareal og privat grunn. Det vert også tatt omsyn til friluftsområde, verneverdig natur, fornminne og så bortetter. Det same gjeld i sjø der ein må ta omsyn til kulturminne og naturvernområde, fiskeri, båttrafikk, vêr-, bølgje- og straumforhold, botnforhold og installasjonar.

Pumpestasjonar og ventilkummar

Der gamle reinseanlegg blir lagt ned, blir det bygd nye pumpestasjonar. I tillegg må ein oppgradere nokre av dei eksisterande pumpestasjonane i nærheita av den nye traseen. Det vil også vere behov for ventilkummar på hovudstrekka, for å legge til rette for god og økonomisk drift av overføringsanlegget.

Dei gamle reinseanlegga må vere i drift fram til dei nye er klare til å ta over. Ein kan altså ikkje stenge dei gamle anlegga og stoppe reinsinga medan ein utbetrar eller bygger om. Difor må det byggast nye.  

Dei nye pumpe- og ventilstasjonane er mindre bygg som får ulik utforming alt etter kva funksjon dei skal ha og mellom anna kva bygningar som elles er i området der dei skal vere. 

Illustrasjon med eksempel på mindre pumpestasjon - Klikk for stort bileteIllustrasjon med eksempel på mindre pumpestasjon

Dei nye pumpestasjonane blir plasserte ved

  • RA3 Larsgården
  • RA4 Åse
  • RA5 Breivika 
  • RA1 Langevåg
  • RA2 Djupvika
  • RA Sunde

Dei tre ventilstasjonane/installasjonane er

  • Borgundfjordvegen
  • Tørla
  • Moa

Fire område skal regulerast

Desse bygga og områda må vere godkjende i reguleringsplanar. Nokre kjem inn under eksisterande planar, medan det må utarbeidast nye reguleringsplanar for Sunde, Djupvika, Åse og Tørla. Her kan det også blir noko grunnerverv, og det vert teke direkte kontakt med dei grunneigarane dette gjeld.

Når det gjeld reguleringsplan for desse fire mindre områda til pumpestasjonar og ventilkum, følgjer det vanleg framgangsmåte for slikt arbeid. Oppstart av planarbeid vil bli varsla i februar. Varslinga skjer mellom anna på heimesida til kommunen og i avisene. I varslingsperioden kan den som vil kome med innspel til planarbeidet.

Djupvika, Sunde og Tjørsundet er varsla med frist for innspel til planarbeid er 10. april Les meir her. 

Åse har frist for innspel 1. mai. Les meir her. 

Reguleringsplanen skal kartlegge kva påverknad endringa har for området; mellom anna når det gjeld kulturminne og natur, trafikk og støy. Når planforslaget er ferdig, skal det til politisk behandling og sendast på høyring før planen kan vedtakast.

Byggestart

I løpet av våren 2023 skal det etter planen vere endeleg klart kvar overføringsleidningane kjem. Då får grunneigarane der det skal leggast rør ei første orientering, før det kjem meir detaljert informasjon når sjølve byggearbeidet nærmar seg.

Byggestart for anlegga vil variere, men alt skal vere klart til bruk innan utgangen av 2027.

Oppstart for leidningsnettet vil også variere, og delar av leidningane vil bli koordinert med andre utbyggingsprosjekt som pågår i nærområda, som for eksempel kryssing av området ved Lerstadtunnelen i Breivika.

Byggestart for Kongshaugstranda reinseanlegg er i 2024.

 

Anlegga med hengelås vert lagt ned og overført til nytt anlegg Det er kommunane sjølve som har ansvar for å sanere anlegga som ikkje er på lista, men som har hengelås på seg.