Før politikarane kan vedta eit nytt miljøanlegg og sikre minst muleg ulemper for folk, miljø og samfunn, må dei få eit godt kunnskapsgrunnlag. Difor har det vorte utarbeidd ein reguleringsplan der ei lang rekkje forhold rundt og konsekvensar av anlegget har vorte grundig undersøkt.
Politikarane har sagt at sjølve anlegget skal vere inne i fjellet for å gi minst muleg ulempe sjølv om erfaringane tilseier at det vert dyrare enn eit anlegg ute i det fri.
Ein har også vurdert også ulike plasseringar, for å finne den staden som har minst ulempe.
Grundige undersøkingar
I arbeidet med reguleringsplanen vart det undersøkt luft- og luktproblematikk, konsekvensar for sjøen både i anleggsfase og drift, støyvurderingar, trafikkforhold og trafikksikkerheit både i anleggsfase og drift, grunnforhold og skredfare, kulturarv, naturmangfald på land og sjø og samfunnsverknader; kva mulegheiter og problem eit anlegg kan gi for området.
I tillegg vart det undersøkt konsekvensar for landskapet, for landbruk og naturressursar, for friluftsinteressert, barn og unge, teknisk infrastruktur og det vart gjort ei sikkerheits- og sårbarheitsanalyse for å vurdere faren for ulykker.
Reguleringsplan og alle dokument finn du her.
I forprosjektet for miljøanlegget vart det også utarbeidd ei eiga sikkerheits- og sårbarheitsanalyse for sjølve anlegget.