Ope møte om reguleringsplan for Kongshaugstranda reinseanlegg

Rundt 35 personar deltok på det opne møtet om reguleringsplan for Kongshaugstranda reinseanlegg der nesten to timar vart brukt til spørsmål og svar.

Kvinne held presentasjon for forsamling i amfi - Klikk for stort bileteAnna Hellstrøm frå Asplan Viak som har utarbeidd reguleringsplanen orienterte.

Torsdag 2. februar var det ope møte om reguleringsplanen for Kongshaugstranda reinseanlegg. Møtet var på Sula ungdomsskule med rundt 35 frammøtte i tillegg til deltakarar frå administrasjonen både i Sula kommune, Ålesund kommune og frå prosjektleiinga.

Ordførar Jim-Arve Røssevoll ønskte velkomen før Anna Hellstrøm frå Asplan Viak orienterte om planen.

Presentasjonen hennar finn du her.  (PDF, 6 MB)

Etter orienteringa vart det spørsmålsrunde frå salen som varte i eit par timar. 

Det vart stilt spørsmål som var direkte knytt til reguleringsplanen; som spørsmål rundt fortau langs Kongshaugstranda, bergkvalitet og plassering av pipe. I tillegg vart det stilt spørsmål om ei rekkje tema som slamhandtering, biogassanlegg og overføringsanlegg, byggestans og Aspøya/Hessa,  naturmangfald, utsleppspunkt og reinsegrad/teknologi. 

Merknader

OBS! Frist for merknader til reguleringsplanen er 1. mars.

Du kan sende merknader på desse måtane:

  • Elektronisk via heimesida til Sula kommune
  • Med post til Sula kommune, postboks 280, 6039 Langevåg
  • På e-post til post@sula.kommune.no

Merk innspel med saksnummer eller namn på planen (Reguleringsplan for Kongshaugstranda reinseanlegg)

Har du spørsmål som gjeld reguleringsplanen og ønsker meir informasjon, kan du ta kontakt med Sula kommune eller plankonsulent Anna Hellstrøm, telefon 47 67 27 92 eller anna.hellstrom@asplan.viak. 

Reguleringsplan og alle dokument

Planomtale, føresegner og plankart ser du under her:

Den politiske saka og alle bakgrunnsdokument finn du her.  

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete