Februar 2023: Ope møte om reguleringsplan for Kongshaugstranda reinseanlegg

Rundt 35 personar deltok på det opne møtet om reguleringsplan for Kongshaugstranda reinseanlegg der nesten to timar vart brukt til spørsmål og svar.

Kvinne held presentasjon for forsamling i amfi - Klikk for stort bileteAnna Hellstrøm frå Asplan Viak som har utarbeidd reguleringsplanen orienterte.

Torsdag 2. februar var det ope møte om reguleringsplanen for Kongshaugstranda reinseanlegg. Møtet var på Sula ungdomsskule med rundt 35 frammøtte i tillegg til deltakarar frå administrasjonen både i Sula kommune, Ålesund kommune og frå prosjektleiinga.

Ordførar Jim-Arve Røssevoll ønskte velkomen før Anna Hellstrøm frå Asplan Viak orienterte om planen.

Presentasjonen hennar finn du her.  (PDF, 6 MB)

Etter orienteringa vart det spørsmålsrunde frå salen som varte i eit par timar. 

Det vart stilt spørsmål som var direkte knytt til reguleringsplanen; som spørsmål rundt fortau langs Kongshaugstranda, bergkvalitet og plassering av pipe. I tillegg vart det stilt spørsmål om ei rekkje tema som slamhandtering, biogassanlegg og overføringsanlegg, byggestans og Aspøya/Hessa,  naturmangfald, utsleppspunkt og reinsegrad/teknologi. 

Merknader

OBS! Frist for merknader til reguleringsplanen var 1. mars.

Du kunne sende merknader på vanleg vis og det var oppgitt kontaktinformasjon dersom du hadde spørsmål. 

Reguleringsplan og alle dokument

Planomtale, føresegner og plankart ser du under her:

 Politiske saker frå Sula finn du her.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete