Overføringsanlegg

Nytt, effektivt og framtidsretta reinseanlegg på Kongshaugstranda krev også eit nettverk av overføringsleidningar. Til saman får overføringsanlegget 25 ulike objekt og det skal det leggast om lag 34 kilometer nye rør.

kart som viser overføringsnettet - Klikk for stort bileteKartet viser linjene for kvar overføringsanlegget skal kome.

 

Når ein samlar elleve reinsestasjonar/reinseanlegg i eitt felles anlegg på Kongshaugstranda, får ein stordriftsfordelar som at det er billegare å drive eitt anlegg enn fleire, det blir sikrare og det blir enklare å møte strengare reinsekrav i framtida.

Også når det gjeld å få avløpsvatnet fram til anlegget på Kongshaugstranda, tenkjer ein på god og effektiv drift. Det gjer at ein ser etter trasear for det nye leidningsnettet der ein i størst mogleg grad får sjølvfall for vatnet. Ein vil ha minst mogleg pumping, for å kutte energibruk og kostnader og få lavare klimaavtrykk. Det vert også gode rutinar for pluggkøyring og spyling av røra. 

Nokre stader gjenbruker ein gamle rør, men til saman skal det leggast rundt 34 kilometer nye rør. For det meste vert dette lagt på offentleg grunn medan det nokre plassar vil gå over landbruksareal og privat grunn. Det vert også tatt omsyn til friluftsområde, verneverdig natur, fornminne og så bortetter. Det same gjeld i sjø der ein må ta omsyn til kulturminne og naturvernområde, fiskeri, båttrafikk, vêr-, bølgje- og straumforhold, botnforhold og installasjonar.

Praktisk informasjon til deg ved overføringsnettet

Pumpestasjonar og ventilkummar

Der gamle reinseanlegg blir lagt ned, blir det bygd nye pumpestasjonar. I tillegg må ein oppgradere nokre av dei eksisterande pumpestasjonane i nærheita av den nye traseen. Det vil også vere behov for ventilkummar på hovudstrekka, for å legge til rette for god og økonomisk drift av overføringsanlegget.

Dei gamle reinseanlegga må vere i drift fram til dei nye er klare til å ta over. Ein kan altså ikkje stenge dei gamle anlegga og stoppe reinsinga medan ein utbetrar eller bygger om. Difor må det byggast nye.  

Dei nye pumpe- og ventilstasjonane er mindre bygg som får ulik utforming alt etter kva funksjon dei skal ha. Dei blir også tilpassa bygga i nabolaget.   

Illustrasjon med eksempel på mindre pumpestasjon - Klikk for stort bileteIllustrasjon med eksempel på mindre pumpestasjon

Dei nye pumpestasjonane blir plasserte ved

  • RA3 Larsgården
  • RA4 Åse
  • RA5 Breivika 
  • RA1 Langevåg
  • RA2 Djupvika
  • RA Sunde

Dei tre ventilhusa er

  • Borgundfjordvegen
  • Tørla
  • Moa


Praktisk informasjon til deg ved pumpestasjonar og ventilhus

Tre område skal regulerast

Desse bygga og områda må vere godkjende i reguleringsplanar. Nokre kjem inn under eksisterande planar, medan det må utarbeidast nye reguleringsplanar for Sunde, Djupvika og Åse. Her kan det også blir noko grunnerverv, og det vert teke direkte kontakt med dei grunneigarane dette gjeld.

Når det gjeld reguleringsplan for desse tre mindre områda til pumpestasjonar og ventilkum, følgjer det vanleg framgangsmåte for slikt arbeid. Varslinga skjer mellom anna på heimesida til kommunen og i avisene. I varslingsperioden kan den som vil kome med innspel til planarbeidet.

Djupvika og Sunde var varsla med frist for innspel til planarbeid var 10. april 2023. Les meir her.  I desember 2023 vart det varsla utvida planområde for Djupvika.  14. mai 2024 vedtok plan- og miljøutvalet i Sula å legge ut planforslag for detaljregulering for Djupvika avløpsanlegg ut til første gangs høyring. Les meir her. 

Åse var ute til høyring våren 2024. Les meir her. 

Reguleringsplanen skal kartlegge kva påverknad endringa har for området; mellom anna når det gjeld kulturminne og natur, trafikk og støy. Når planforslaget er ferdig, skal det til politisk behandling og sendast på høyring før planen kan vedtakast.

Byggestart

Når det er klart kvar overføringsleidningane kjem, får grunneigarane der det skal leggast rør ei første orientering, før det kjem meir detaljert informasjon når sjølve byggearbeidet nærmar seg.

Byggestart for anlegga vil variere, men alt skal vere klart til bruk innan utgangen av 2027.

Oppstart for leidningsnettet vil også variere, og delar av leidningane vil bli koordinert med andre utbyggingsprosjekt som pågår i nærområda, som for eksempel kryssing av området ved Lerstadtunnelen i Breivika.

Byggestart for Kongshaugstranda reinseanlegg var markert 15. mai 2024 og det er venta at anlegget skal vere i drift i 2028.

 

Anlegga med hengelås vert lagt ned og overført til nytt anlegg Det er kommunane sjølve som har ansvar for å sanere anlegga som ikkje er på lista, men som har hengelås på seg.