Kva ulemper har anlegget?

Det har blitt grundig undersøkt gjennom både forprosjekt, konsekvensutgreiing og reguleringsplan. Det er gjort for at 

  • politikarane og innbyggarane skal få best muleg grunnlag for å meine noko om det nye miljøanlegget
  • ein skal vere føre-var og velje løysingar med minst muleg ulempe
  • ein skal kunne gjere avbøtande tiltak
  • ein skal sikre at løysingane er innanfor lovkrava

Før politikarane kunne vedta eit nytt miljøanlegg og sikre minst muleg ulemper for folk, miljø og samfunn, måtte dei få eit godt kunnskapsgrunnlag. Difor vart det utarbeidd ein reguleringsplan der ei lang rekkje forhold rundt og konsekvensar av anlegget har vorte grundig undersøkt.  

For å gi minst muleg ulempe har politikarane vedteke at sjølve reinseanlegget skal vere inne i fjellet sjølv om erfaringane tilseier at det vert dyrare enn eit anlegg ute i det fri.

Ein har også vurdert også ulike plasseringar, for å finne den staden som har minst ulempe. 

 

Grundige undersøkingar

I arbeidet med reguleringsplanen vart det undersøkt luft- og luktproblematikk, konsekvensar for sjøen både i anleggsfase og drift, støyvurderingar, trafikkforhold og trafikksikkerheit både i anleggsfase og drift, grunnforhold og skredfare, kulturarv, naturmangfald på land og sjø og samfunnsverknader; kva mulegheiter og problem eit anlegg kan gi for området. 

landskap med hus - Klikk for stort bilete Illustrasjon: Asplan Viak

 I tillegg vart det undersøkt konsekvensar for landskapet, for landbruk og naturressursar, for friluftsinteressert, barn og unge, teknisk infrastruktur og det vart gjort ei sikkerheits- og sårbarheitsanalyse for å vurdere faren for ulykker. 

Reguleringsplan og dokumenta finn du under her: 

Planomtale (PDF, 10 MB)

Plankart 1 (PDF, 3 MB)

Plankart 2 (PDF, 2 MB)

Føresegner til reguleringsplanen (PDF, 724 kB)

Oppsummering av merknader (DOCX, 343 kB)

Kart sikringsgjerde mot kulturminne (PDF, 2 MB)

I forprosjektet for miljøanlegget vart det også utarbeidd ei eiga sikkerheits- og sårbarheitsanalyse for sjølve anlegget.