Søknad om utsleppsløyve ute på høyring

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har no lagt ut søknad om utsleppsløyve for Kongshaugen reinseanlegg til høyring

dronebilde med oversikt over Veibust grunnkrins - Klikk for stort bilete

Sula kommune søker om løyve etter forureiningslova til reinsing av avløpsvatn frå store delar av Ålesund og Sula. Det er søkt om utsleppsløyve for eit nytt reinseanlegg for avløpsvatn plassert i Veibustfjellet, med overføringsanlegg.

Anlegget får eit mekanisk og eit biologisk reinsetrinn for behandling av avløpsvatn og eit anlegg for fjerning av lukt.

Utsleppspunktet for reinsa avløpsvatn vert på 60 meters djup i Storfjorden sør for Kvasneset. Utslepp av reinsa luft vil vere frå ei tjue meter høg pipe i Breidalen.

Du kan finne søknadsdokumenta hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og hos Ålesund og Sula kommune.

Eventuelle merknader skal sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller sfmrpost@statsforvalteren.no innan 5. januar 2024.