Utsleppsløyve

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har gitt utsleppsløyve for Kongshaugen reinseanlegg.

Sula kommune fekk 5. juli 2024 utsleppsløyve frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for sitt avløpsanlegg, Kongshaugen reinseanlegg på Kvasnes i Sula kommune.

Løyvet gjeld transport, reinsing og utslepp av avløpsvatn. Løyvet regulerer reinsing og utslepp til vatn, luft, støy og overvaking av resipienten. Det er stilt krav til målingar av utslepp og rapportering til forureiningsstyresmaktene.

Løyvet omfattar utslepp frå samla tilført mengde avløpsvatn på inntil 66 000 BOF5 personekvivalentar (pe) i maksveke.  

Vedtaket finn du her. (PDF, 228 kB)

Løyvet kan du lese her. (PDF, 707 kB)

Det kunne klagast på vedtaket. Klagefristen var seks veker.

Eventuell klage skulle sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.