Reguleringsplan for reinseanlegget klar til ny politisk behandling

Reguleringsplanen for reinseanlegg på Kongshaugstranda vert no sendt til politikarane. Planen er utan motsegner.

I første runde kom det motsegn frå fylkeskommunen i samband med automatisk freda kulturminne. Dette er no løyst med fleire tiltak.

Fylkeskonservatoren vert med når grunnarbeidet for fortau skal gjerast ved gravrøysa. Dersom gravrøysa går under dagens veg og det blir nødvendig med tilpassing av vegen, blir det gjort. I samband med bygginga skal to heile og delar av eit tredje fornminne gravast ut. Det er også krav om anleggsgjerde mot fornminneområda i anleggsperioden for å hindre skade.

kart som viser sikringsgjerde mot kulturminne - Klikk for stort bileteKartet viser kva det skal settast opp sikringsgjerde.

Det faste utvalet for plansaker vedtok reguleringsplanen i møte 25. april medan kommunestyret skal ha opp saka 4. mai. Straks vedtaket er gjort, blir det sendt søknad til Riksantikvaren om løyve til å grave ut slik at ein kan få gjort avtale med Museum Vest om utgraving. Museet har stort arbeidspress, og ein må få få avtalt arbeidet tidleg for å få gjort utgravingane i løpet av hausten og bli ferdige før byggestart for anlegget over nyttår.

Andre endringar

Det er også gjort nokre andre endringar frå første framlegg til reguleringsplan.

Fortau: Fortauet er fjerna over tomta til bustaden i Fabrikkvegen 8. Fortauet vart eit stort inngrep med fylling som endra terrengnivå i ein opparbeida hage, men det avgjerande punktet var at det ikkje var muleg å finne ei løysing for overvatn. Bekken går i dag i rør under hagen nær huset. Den kan ikkje dekkast til med fylling for fortau og det er ikkje plass til rør eller open bekk ein annan stad utan å rive bygningar. 

Rekkefølgekrav for fortau er endra etter første stikkveg til næringsområdet. Det er berre så langt fortauet har så direkte samanheng med bygging av reinseanlegg at det er å sjå på som ein del av reinseanlegget, og at det kan finansierast som sjølvkost. Frå stikkvegen og vidare må fortauet finansierast over det ordinære kommunale investeringsbudsjettet. 

Parkering og annen veggrunn: Det nye framlegget til reguleringsplan viser tydeleg bruken til parkeringsplassane og kva areal av annan veggrunn som kommunen skal erverve. 

Namn

Namnenemnda i Sula skal vedta namn på sjølve reinseanlegget 26. april. Dette vedtakast skal stadfestast av fagutval for kultur og folkehelse seinare i vår, men ein kan ikkje vente på endeleg namn for sjølve anlegget før ein vedtek reguleringsplanen. Det heng saman med at ein må få gjort dei arkeologiske utgravingane i haust før vinteren set ein stoppar for slikt arbeid. Blir arbeidet ståande på vent over vinteren, må ein utsette byggestart for anlegget i minst trekvart år.    

Reguleringsplanen som skal vedtakast no bruker difor same namn som ein gjorde i første runde: Kongshaugstranda. Det gir tydeleg samanheng for offentleg arkivfunksjon og ein lovleg vedteken reguleringsplan samtidig som politikarane står fritt til å vedta det namnet dei ønskjer for sjølve anlegget.

Under finn du dei ulike dokumenta:

Planomtale (PDF, 10 MB)

Plankart 1 (PDF, 3 MB)

Plankart 2 (PDF, 2 MB)

Føresegner til reguleringsplanen (PDF, 724 kB)

Oppsummering av merknader (DOCX, 343 kB)

Kart sikringsgjerde mot kulturminne (PDF, 2 MB)

Møteinnkalling til Det faste utvalet for plansaker og den politiske saka finn du her.  

Vedtaket finn du her.