
Prosjektleiar Terje Endresen starta med å fortelje om siste innspurt på arbeidet med veg. Etter planen skal vegen fram til riggplassen bli ferdig med asfalt, fortau og gatelys før jul. Første lag med asfalt på vegen er med det ein visste då nabolagsmøtet vart halde, tenkt å kome første veka i desember. Tilrettelegging for asfaltering må gjerast i dagane før. Arbeid knytt til asfaltering er vêravhengig og kan møte problem for eksempel ved mykje snø.
Endresen sa også at det hadde vore problem med trafikkavvikling og støyforhold dei siste månadene og viste til at det hadde vore jobba kontinuerleg med trafikkforhold og sett inn store ressursar for å få det best mogleg. Det har vore byggeleiar frå kommunen, SHA-koordinator (sikkerheit-, helse- og arbeidsmiljøkoordinator), byggeleiarar frå Advansia og entreprenøren har hatt prosjektleiar, anleggsleiar og HMS-leiar. I tillegg har begge partar hatt verneombod og det har vore befaring med Statens Vegvesen for å finne gode løysingar.
Ny fase over nyttår
Etter nyttår startar B&G Tunnel med hjelp frå Volda maskin på den nye fasen med tunellar og berghallar.
På riggområdet vil ein få fleire telt for slikt som lager og verkstad. Reinseanlegget for anleggsvatn skal også stå her. Anleggsarbeidet vil bruke mykje vatn, men dei har eigne pumper og det skal ikkje gå utover vasstrykket til folk i området. Det blir teke jamlege prøver av utsleppsvatnet. Analysene blir ikkje gjort av prosjektet eller entreprenøren, men av eit laboratorium.
Arbeidstid
Planlagt arbeidstid er slik for første veke i to vekers-turnus (startar i veke 1):
- mandag- fredag kl 7-19.30.
- laurdag 7-18
andre veke (startar i veke 2) er slik:
- mandag- torsdag kl 7-19.30
- fredag kl 7-18
- laurdagsfri
Dette er arbeidstider slik det er planlagt. Men, når ein jobbar med sprengstoff, kan det skje at ein av sikkerheitsmessige årsaker, må gjere ferdig ein jobb og at ein dermed av og til må gå utover desse tidene.
Varsling og sprenging
Varsling av sprenging vert gjort gjennom heimesida nabovarsling.no.
Når prosjektet blir lagt ut der, er det enkelt å klikke seg inn og melde seg på varsling slik at du får sms før sprenging.
Fleire hus i området vil ha målar som målar ristingar. Resultata vert følgd med fortløpande og vurdert opp mot retningslinjer i Norsk Standard.
Dersom det er mistanke om skade i samband med sprengingane, så skal folk kontakte forsikringsselskapet sitt.
Massetransport
Det er om lag 150.000 kubikkmeter fast stein som skal takast ut. Mesteparten skal til sjøfylling hos Giørtz på Sjukenesstranda. Det betyr kort transport og lite belastning på Vegbustkrysset.
Omlasting frå mellomlager på tomta for administrasjonsbygget.
Minst 80 prosent av transporten skal foregå med el-lastebil.
Vegen forbi anleggsområdet blir som hovudregel open, men kan bli stengt i korte periodar ved behov, som for eksempel flytting av større maskinar.
Heile presentasjonen frå møtet finn du her. (PDF, 4 MB)