Første møte i samarbeidsorganetMandag 23. februar blir det første møte i det politiske samarbeidsorganet som vart vedtatt oppretta av kommunestyra i både Sula og Ålesund. Både Sula kommune og Ålesund kommune har vedtatt eit felles politisk samarbeidsorgan som knutepunkt mellom administrasjon og politikk i arbeidet med å sjå på drifts- og samarbeidsmodell for Kongshaugen reinseanlegg og VA. Vedtaket frå Sula kommune finn du her. (PDF, 338 kB)Vedtaket frå Ålesund kommune finn du her. (PDF, 482 kB)Det første møtet i dette politiske samarbeidsorganet blir 23. februar kl 13.30 til 15 i Formannskapssalen på Ålesund rådhus.Formålet med samarbeidsforumet er å sikre tett dialog, god informasjonsflyt og politisk involvering i fleire av dei parallelle og strategisk viktige prosessane som pågår.Dei som er innkalla er ordførarar og leiar i tekniske utval i begge kommunar, kommunedirektørar og leiarar for tekniske sektorar i tillegg til stabsressursar for prosjektet.Informasjon om møtaDet blir orientert om møta på denne heimesida under politiske møte i tillegg til at referat frå møta vert offentleg tilgjengelege og sendt til kommunestyra.Referat og presentasjonar frå det første møtet ser du under her:Referat frå møtet finn du her. (DOCX, 80 kB)Presentasjon frå kommunedirektør i Sula, Bente Glomset Vikhagen finn du her (PDF, 304 kB)Presentasjon frå prosjektleiar i Blå fjordar, Terje Endresen, finn du her (PDF, 7 MB)Presentasjon frå leiar for det interkommunale VA-prosjektet for Nordre Sunnmøre, Margrete Emblemsvåg, finn du du her. (PDF, 3 MB) Sist endra 02.03.2026 09.55