Desember 2022: Reguleringsplan for Kongshaugstranda reinseanlegg ut på høyringDet faste utvalet for plansaker vedtok 20. desember at framlegget til reguleringsplan for Kongshaugstranda reinseanlegg skal leggast ut på høyring. Høyringsperioden skal vere på minst seks veker, og med revidert plankart og planbeskrivelse klar like over nyttår, vart høyringsfristen sett til 1. mars.I høyringsperioden vert det også ope møte med orientering om reguleringsplanen.Møtet vert torsdag 2. februar kl 18-20 i amfiet på Sula ungdomsskule.I tillegg til orientering om reguleringsplanen vert det høve til å stille spørsmål under møtet. Folk kan også sende inn spørsmål på førehand. Det må gjerast innan onsdag 1. februar kl. 12 til post@sula.kommune.no merka med «ope møte reinseanlegg».Planomtale, føresegner og plankart ser du under her:Planomtale Kongshaugstranda reinseanlegg (PDF, 9 MB)Føresegner Kongshaugstranda reinseanlegg (PDF, 723 kB)Plankart (PDF, 2 MB) Politiske saker frå Sula finn du her. Sist endra 10.12.2024 13.32