Korleis skjer reinsinga i anlegget?Reinsing skjer i fleire trinn for å oppnå 80 til 90 prosent reinsing som er det normale for sekundærreinseanlegg. Sula og Ålesund har i dag anlegg for primærrensing av avløpsvatn. Det er anlegg som har krav om 50 prosent reinsing av fast stoff og 20 prosent av BOF5 (biologisk oksygenforbruk etter fem døgn)Det nye miljøanlegget som skal byggast i «BLÅ – fjordar for framtida» er sekundærreinseanlegg. Erfaringsmessig reinsar slike anlegg 80 til 90 prosent både av fast stoff og BOF5 i tillegg til ein betydeleg andel av andre stoff som følger med avløpsvatnet.Tilfredsstiller anlegget dei venta EU-krava?Med eit meir avansert og moderne anlegg vil ein også i større grad få fjerna legemiddelrestar, diverse organiske miljøgifter, mikroplast, bakteriar og virus enn det ein gjer i dag.Reinsinga skjer slik:Først møter avløpsvatnet ei rist som fjernar alt som er større enn 6 millimeter. Dette blir teke ut til ein container og sendt til godkjent avfallshandtering. Avsløpsvatnet går vidare til eit basseng med sand- og feittfang der sanden sekk til botns og feittet flyt til overflata. Sand og feitt vert så skilt ut frå vatnet. Sanden blir vaska for organisk stoff og feittet blir levert som organisk avfall. Etter at sand og feitt er skilt ut, går vatnet vidare til nye basseng der partiklane som er mindre enn 5 millimeter og som er tunge nok til sekke til botns gjer det. Desse vert teke ut i ein eigen slamtank.Vatnet som no er reinsa også for dei minste partiklane går så til ein biologisk reinsestasjon der ein fjernar bakteriar og anna forureinande stoff. I tanken er det mange små plastklossar med "gode" bakteriar som skal ete bakteriane i vatnet. For å halde plastklossane i bevegelse og gi «mat» til bakteriane som skal ete vekk bakteriane i vatnet, så vert det blåst inn luft i tanken.Vatnet frå denne reinsestasjonen går vidare til flotasjon i ein ny tank der det vert tilsett luft slik at bakteriane stig til overflata før dei vert fjerna og teke over i ein container. Etter desse reinseprosessane vert vatnet sendt ut i fjorden på 60 meters djup om lag 280 meter frå land.Alt som er samla opp i containerar gjennom prosessen har våt konsistens, omtrent som tomatsuppe. Dette blir pressa saman så det får konsistens som fuktig jord før det blir levert vekk frå anlegget til sluttbehandling. Sist endra 23.10.2024 12.17