Må eg betale meir enn eg gjer no?

Nasjonale krav til at ein skal ha sekundærreinsing er innstramma, og skal Ålesund og Sula innfri desse krava, vil det koste meir. Dei same krava gjeld for heile Norge og frå alle kantar av landet kjem det no meldingar om auka gebyr for vatn og avløp. Det heng saman med auka reinsekrav og store etterslep i sektoren.

I 2022 kom interesseorganisasjonen «Norsk Vann» med tal frå ein rapport laga av Norconsult og Sintef. Befolkningsvekst, krav frå styresmakter, handtering av klimaendringar, auka krav til forsyningssikkerheit og aukande behov for å fornye delar av eit aldrande leidningsnett er noko av det som driv fram behovet for investeringar. Fram mot 2040 må det over heile landet investerast til saman godt over 300 milliardar kroner og gebyra for vatn og avløp vil i snitt bli dobla - til 19.000 kroner. Men, for fylka Nordland, Troms og Finnmark og Møre og Romsdal der det er færre å dele på, der seier rapporten det vil bli ei tredobling av gebyra.

Berekna gebyr Ålesund kommune

Selskapet Momentum Solutions la 27. oktober 2022 fram berekna gebyr for ei gjennomsnitts hushaldning i Ålesund for Ålesund kommunestyre. 

Den samla forventa utviklinga av gebyr for vatn og avløp ser du under. Det gjeld normalgebyr for 144 m3 og ut frå scenario 3. Meir forklaringar og grunnlag finn du i heile presentasjonen her. (PDF, 498 kB) 

'Berekna gebyr Sula kommune

I Sula er det dette som ligg inne for forventa gebyrutvikling i budsjettet. Desse tala gjeld standardabonnement med årleg vassforbruk på 160 m3. 

Meir om utrekningane og bakgrunn finn du i budsjettnotatet her.  (PDF, 186 kB)