Kvifor må vi ha nytt anlegg?

Sula og Ålesund har gamle anlegg som sender mykje avløpsvatn ut i sjøen. Statsforvaltaren ser svært alvorleg på saka, og byggestans på grunn av ulovlege avløpsløysingar er ein kraftig brems på regional utvikling.

  • private får ikkje bygge hus og hytter
  • ein får ikkje bygd kommunale bygg 
  • næringslivet får ikkje bygge næringsbygg eller nye arbeidsplassar. 

Sula og Ålesund har i dag med eitt lite unntak kun primærrenseanlegg. Det er anlegg som har krav om berre 50 prosent reinsing av fast stoff og 20 prosent av BOF5 (biologisk oksygenforbruk etter fem døgn). Resten går ut i fjordane, og både Borgundfjorden, Ellingsøyfjorden og Hessafjorden er i ferd med å få nok.   

Statsforvaltaren har varsla både Ålesund kommune og Sula kommune om at dei kjem til å krevje framgang i arbeidet med å rette opp manglar når det gjeld reinsing av vatn og problem med ureinsa overvatn.

Statsforvaltaren ser svært alvorleg på saka, og både i Ålesund og Sula får dei ulovlege løysingane for avløpsreinsing konsekvensar i form av byggestans.

Ulovleg

Sula kommune har ikkje utsleppsløyve og innfrir ikkje dei lovpålagte krava om reinsing av kommunalt avløpsvatn. 

Brev frå Statsforvaltaren til Sula om saka finn du her. (PDF, 256 kB)

Heller ikkje Ålesund innfrir reinsekrava med sine anlegg som for det meste er over 30 år gamle.  

Brev frå Statsforvaltaren til Ålesund om saka finn du her. (PDF, 227 kB)

I tillegg peiker tilstanden til fjordane rundt Ålesund og signal frå styresmaktene mot strengare reinsekrav som må innfriast.

Her er kva Miljødirektoratet seier om primærreinseanlegg og fristar. (PDF, 175 kB)

Endå strengare krav i vente

EU sitt avløpsdirektiv legg grunnlaget for forskrifta Ålesund og Sula og alle andre kommunar skal halde seg til når det gjeld reinsing av avløpsvatn. Krav om sekundærreinsing er gamalt nytt, og EU-kommisjonen har lagt fram forslag til nytt avløpsdirektiv med endå strengare krav både til reinsing og at avløpssektoren skal bli meir klima- og energinøytral

Kva anlegg har vi i dag?

Her er oversikt over anlegga i Ålesund kommune og Sula kommune: