Kvifor eit samla anlegg i staden for mange spreidde?

Fordi ei ny løysing for avløpsvatn samla sett må vere bra både for det tekniske, det økonomiske og det miljømessige. Eit stort anlegg gjer at ein kan ha betre tekniske løysingar med betre reinsing til lavare totalpris enn om ein skal ha like gode løysingar på mange spreidde anlegg. 

Kart som viser oversikt over reinseanlegg før og etter Kongshaugstranda er bygd - Klikk for stort bileteKart med oversikt over dagens reinseanlegg og slik det blir med Kongshaugstranda reinseanlegg.

Det er i tillegg enklare å oppgradere eitt anlegg i møte med framtidas nye krav til reinsing enn å skulle gjere det på mange anlegg. Det gjeld både reinseteknologi og elektro/automasjon.

Eit anlegg i fjellet treng dessutan lite areal utanfor fjellhallen og eit felles anlegg er dermed meir arealeffektivt enn fleire desentraliserte anlegg som til saman vil trenge mykje plass. Dette er plass som heller kan brukast til andre ting. 

Dagens reinseanlegg er så nedslitne og tomtene så små/tett på busetnad at det ikkje er plass til sekundærreinseanlegg utan å ta i bruk dyre og avanserte reinseløysingar. Det har vore kontakt med leverandør om midlertidige moglegheiter for dagens anlegg, men konklusjonen er at dagens anlegg må rivast og det må byggast nye. For nokre av anlegga må ein då finne ny plassering. Det krev omlegging av leidningsnettet.

Meir effektivt

Mange mindre sekundærreinseanlegg vil kreve langt fleire høgt utdanna driftspersonell ute på anlegga.

Alle anlegg må prosjekterast med ein reservekapasitet/dobling for å sikre anlegga.

Alle anlegg må i tillegg ha eigne luktreduksjonsanlegg som er dyre i drift. 

Alle anlegg må ha henting av slam og levering av utstyr til drifta.

Alle anlegg må ha garderobar, kontor og, utstyr for prøvetaking.

Det blir dårlegare utnytting av energien/dårlegare energigjenvinning.

I tillegg vert risikoen for driftsavbrot som kan bety dårlegare reinsing, mindre ved å ha eitt anlegg i staden for fleire små fordi ein samlar behov for oppfølging, kontroll og vedlikehald av utstyr på ein plass i staden for å spreie det utover på mange anlegg. 

Billegare

Erfaringsmessig er det også billegare å drive eit stort enn mange små anlegg.

Oversikt frå rapporten "BedreVann", www.bedrevann.no Norsk Vann

  

 

Karta under viser reinseanlegg i Sula og Ålesund i dag og korleis det kan bli i framtida med eit fellesanlegg.

 

  

Kart over reinseanlegg når Kongshaugstranda er bygd - Klikk for stort bilete