Kommunestyra i Ålesund og Sula har i fleire steg vedteke prosjektet BLÅ fjordar med administrasjonsbygg, reinseanlegg i berg og overføringsnett.
Dette er nokre politiske vedtak:
- 2016: Ja til å greie ut felles reinseanlegget (på Sunde)
- 2018: Ja til å gå vidare med felles anlegg og berghall på Kvasnes
- 2021: Ja til forprosjektering
- 2021: Ja til forprosjektet og vidare samarbeid om detaljprosjektering
- Kommunestyret godkjenner forprosjektet slik det er framlagt, og vedtek at ein går vidare med detaljprosjektering av eit felles avløpsreinseanlegg i fjell på Kvasnes.
- Kommunedirektøren jobbar vidare med utgreiing av eigarskapsmodell/korleis samarbeidet mellom Ålesund kommune og Sula kommune skal avtalefestast.
- Prosjektkostnaden (P50) vert vedteke som prosjektet si styringsramme og skal leggast inn i budsjettplan/økonomiplan i samsvar med avtalt fordelingsnøkkel mellom kommunane. I tillegg skal det settast av ei usikkerheitsavsetning på 25 prosent som ikkje kan brukast av prosjektet utan at det vert gjort særskilt vedtak av kommunestyret.
- 2022: Ja i kommunebudsjett og økonomiplan
- 2022: Ja til reguleringsplanen. (Sula)
Oversikt over dei ulike sakene i både Sula kommune og Ålesund kommune og lenke til sakspapir finn du
her.
Sist endra 02.06.2023 09.44