I samband med legging av overføringsleidningar til reinseanlegget på Kongshaugen har ein sett på ulike løysingar for strekket forbi Tjørsundholmen og vestover langs Tørlevegen.
Etter ein grundig gjennomgang der ein har sett på overføringsnettet i si heilheit, kostnader, tekniske løysingar og korleis ein best skal ta vare på naustrekkene og kystmiljøet i området, har ein greidd å finne ei løysing der ein ikkje treng å bygge ventilkum. Når ein ikkje treng areal til ventilkum, er det heller ikkje behov for reguleringsplan.
Oppstart tidlegast hausten 2025
Planen for overføringsleidninga er at den skal ligge på sjøbotnen nord for og rundt Tjørsundholmen før den kjem opp mellom naustrekkene ved Tjørsundet vest for holmen. Deretter skal leidninga ligge langs Tjørsundvegen og gå ut i sjøen igjen om lag nedanfor krysset mellom Tjørsundvegen og Hankevegen.
Oppstart av arbeidet vil skje tidlegast hausten 2025. Grunneigarar, naboar og andre interessentar vil få varsel og meir informasjon når det nærmar seg.
Samordne med gang- og sykkelveg
Ein bonuseffekt av arbeidet med å kartlegge korleis ein skal legge overføringsleidningar til reinseanlegget på Kongshaugstranda er at det er sett fart i planane om gang- og sykkelveg langs Tørlevegen. Når ein skal grave i området for å legge overføringsleidningar, er det smart å samordne det med arbeid med gang og sykkelveg. Difor er det no sett i gang arbeid med å sjå på anskaffing og gang- og sykkelveg er lagt inn i forslaget til budsjett.
Klargjer for vidare utbygging i området
I samband med at ein skal legge overføringsleidning langs Tørlevegen, vert det også lagt til rette for å bygge pumpestasjon i Hankane slik at avløpssystemet skal vere klart til vidare utbygging av Tørla og Humla.