
OPPDATERING 22. januar:
Arbeidet med vegen vil ta litt lenger tid enn først planlagt. Vegen blir dermed stengt nokre dagar lenger det som det først vart varsla om.
Ny sms er sendt ut 22. januar med denne teksten: “Varsel om utvida vegstenging frå Sula Kommune. Vi vil informere om at Fabrikkvegen blir stengd for gjennomkøyring ca ei veke lenger enn forrige varsel. Det vil seie ca ut veke 5. Det blir fortsatt omkøyring om Kvasnesvegen , som er smalare enn hovudvegen. Vi oppmodar alle trafikantar til å køyre varsamt, ta omsyn og vere merksame på møtande trafikk. Vi orsakar eventuelle ulemper og set pris på forståinga di medan arbeidet pågår. Venleg helsing Sula Kommune”
________________________________
Tidlegare informasjon:
Dei som er direkte berørte er varsla via sms frå Sula kommune.
Trafikken frå Møre Palleservice og vidare ut mot Veibustkrysset kan gå som normalt, men gjennomkøyring til og fra Kvasnesvegen blir altså ikke mogleg i perioden. Stenginga er skilta ved Veibustkrysset.
Sula kommune har ekstra beredskap når det gjeld vintervedlikehald av Kvasnesvegen i denne perioden.
Samtidig med med dette og fram til veke fem blir det arbeidd med å ferdigstille grøfter og etablere fortau på delen av prosjektet som ikkje vart ferdig før jul. Her blir trafikken styrt med manuell dirigering ein periode framover. Vi beklager ulempene det medfører, men det er mange eldre installasjonar i grunnen som vi må ta omsyn til slik at ein ikkje skadar rør og straumforsyning.
Det er entreprenøren Aurstad tunnel som held fram med siste del av arbeidet langs Kongshaugstranda. Fortauskant og endeleg asfaltering kan ikkje bli gjort før asfaltverka opnar for vanleg drift til våren.
Arbeidstider for vegarbeidet
Arbeidstidene til Aurstad tunnel er dei same som det har vore i heile perioden dei har arbeidd langs Kongshaugstranda.
Entreprenøren kan utføre anleggsarbeid mellom klokka 07:00 til 21:00 alle dagar utanom søndag. Dette blir følgd opp av prosjektet.
Vi presiserer at Aurstad tunnel og Bertelsen & Garpestad som skal arbeide med tunellar og berghallar ikkje har dei same arbeidstidene.