Ubetydeleg verknad for fjorden

sjø nær med himmel - Klikk for stort bilete Matt Hardy/Unsplash

Rapporten om avløpsvatnet frå det nye miljøanlegget for Sula og Ålesund konkluderer med at verknaden av utsleppet i fjorden vil vere heilt ubetydeleg og badevatnet vert meir enn godt eigna.

sjø nær med himmel - Klikk for stort bilete Matt Hardy/Unsplash

 Sula og Ålesund skal finne ei ny løysing for reinare fjordar og lovleg handtering av avløpsvatn. I samband med utbygging av eit nytt miljøanlegg for Sula og Ålesund kommune er Rådgivende Biologer AS leigd inn, for å sikre det faglege grunnlag for både forslag til løysing og politisk behandling.

 

Ein delrapport handlar om måling av straum, modellering av straumforholda og innlagring av avløpsvatn. Rådgivende Biologer har målt straum på ulike stader i området gjennom eit år i tillegg til at det er teke hydrografiske profilar frå fjorden annankvar månad. Data frå desse målingane er brukte til å lage modellar både direkte frå opninga av avløpsrøyret og for vidare spreiing og fortynning av avløpsvatnet i fjordsystemet.

Rådgivende Biologer seier at E. coli ikkje vil ha påviseleg negativ påverknad på til dømes badevasskvaliteten i området. Biologane legg fram resultat frå 0 til maksimalt 14 E. coli per 100 milliliter vatn. Kravet til godt eigna badevatn er under 100.  Til samanlikning kan bakgrunnsnivå etter fuglar og andre varmblodige dyr i nedslagsfeltet ligge opp mot 10.

Heilt ubetydeleg verknad  

Målingane viser at der avløpet er tenkt plassert, på 60 meters djup cirka 280 meter frå land, så er straumen svært sterk.  I tillegg kallar Rådgivende Biologer fjordsystemet «en svær resipient» med stor kapasitet og god utskifting. Dei har konkludert med at det årlege oksygenforbruket frå det planlagde utsleppet vert om lag 0,05 prosent til 0,1 prosent av oksygeninnhaldet i fjorden.

«Verknaden av tilførslar av organisk materiale frå utsleppet vil vere heilt ubetydeleg», skriv biologane.

Verknaden av tilførsel av næringssalt er også målt, og resultatet er slik at Rådgivende Biologer  meiner det vert vanskeleg å skilje effektar av utsleppet frå det som er naturlege variasjonar i fjorden når det gjeld algevekst.

Gjennomslag

Utsleppet vil verte som eit søyleforma område med oppstigande ferskvatn i den salte fjorden, før det vert spreidd med straumen og bli fortynna utover. Størstedelen av tida vert det ikkje gjennomslag, men når det er lite tilførsel av ferskvatn i fjorden, som i den tørre novembermånaden som Rådgivende Biologer målte hausten 2019, kan det skje.

Gjennomslag ved utløpet rundt 300 meter frå land er fortynna mellom 80 til 200 gongar. Inne ved land ved Kvasneset er det fortynna endå 800 gongar til og lenger inn i Vågen heilt opp mot 2000 gongar til. Rådgivende Biologer meiner at konsentrasjonen av E. coli med det vil vere langt under grenseverdien for god badevasskvalitet i heile området langs land og innover i Vågen.

Lovleg og reint

Prosjektleiar for «Blå – fjordar for framtida», Elin Nerem seier rapporten er ein av fleire delrapportar som skal inngå i konsekvensutgreiinga til reguleringsplanen som er venta klar til politisk behandling til hausten.

Innhaldet i rapportane skal til saman gi eit godt og breidt fagleg grunnlag slik at politikarane skal kunne behandle saka og sikre innbyggarane i Sula og Ålesund ei lovleg løysing for handtering av avløpsvatn og reinare fjordsystem.