Støyping og meir trafikk i Breidalen

 Denne veka vert det etter planen støyping av fundament til piper i Breidalen ved Kongshaugen. Det betyr auka trafikk.

område med anleggsarbeid - Klikk for stort bilete

Arbeidet i Breidalen er allereie godt i gang. Vi har etablert en anleggsveg frem til området der pipene kjem opp og etablert byggegrop for fundamentering for pipekonstruksjonen.

Etter planen skal det støypast fundament denne veka, mest truleg torsdag 30. oktober. Då vert det auka trafikk med betongbilar, og det kan bli 15-20 lass i løpet av dagen. Arbeidet er planlagt å gjerast innan for entreprenøren si arbeidstid, mellom kl 7 og 19.  

Vidare arbeid

Planen vidare er å få bora sjaktene til pipene før jul. Deretter vil det bli ein pause i arbeidet i Breidalen før vi starter opp igjen med betongarbeid og montering av piper utpå vårparten 2026. 

grusveg i natur - Klikk for stort bilete

Anleggsvegen skal fjernast når arbeida med pipa og pipetomta er ferdig, men ein vert ikkje heilt ferdige med tilbakeføring av terreng og tilstelliing før i 2027 etter at entreprenøren har fått på plass straumforsyning til berghallen frå trafoen i Breidalen.