Kartet viser oversikt over kvar i Sula overføringsleidninga fram til reinseanlegget på Kongshaugstranda skal gå. Illustrasjon: Sula kommune.Før det kan gravast og leggast leidning frå Vågevatnet til Orkevika, må det gjerast arkeologiske undersøkingar i området. Oppstart for dette arbeidet er venta å vere i starten av juli. Planen er å kome i gang med legging av overføringsleidning her i august, men det er avhengig av dei arkeologiske utgravingane.
Prosjektleiar i Blå fjordar, Terje Endresen, seier sommaren og hausten blir ein periode då ein verkeleg har fått sett i gang arbeid i og for Sula kommune, og det skjer på ei heil rekke stader.
Det er mykje å halde overblikk over no, men slik er denne fasen av prosjektet. For å vere klar til prøvedrift og oppstart må vi køyre mange delar av prosjektet samtidig og eg er glad for at framdrifta er god og går som forventa.
Fleire prosjekt i sentrum

Blå fjordar har sett i gang med pumpestasjon ved Molvær barnehage i Langevåg sentrum. Dette blir eit bygg på rundt 35 kvadratmeter i tillegg til parkering og anna nødvendig utomhusareal. Det er sett opp høgt og trygt arbeidsgjerde mellom barnehagen og anleggsområdet, men det er også sørga for gode «kik-hol», så barna i barnehagen kan følge med på gravemaskinar og anna arbeid på nabotomta.

Arbeidet med legging av leidning frå Sulatunet og gjennom Stadsnesvegen til Lerheimskaia vart ferdig før entreprenør tek ferie og trafikken gjennom Langevåg sentrum kan gå som normalt igjen.
Leidningar i sjø og gjennom vatn
Mellom pumpestasjonen ved Molvær barnehage og Sulatunet og frå Lerheimskaia og fram til Kippervika skal leidninga ligge på sjøbotnen. Legging av desse strekka vert etter planen ikkje før om vel eit år.

Derimot er arbeidet allereie i gang med leidninga frå Kippervika over Straumane og Vågevatnet, der leidninga skal ligge på botnen av vatnet, før eit nytt strekk over land ned til Orkevika. Dette skjer no i sommar og utover hausten.

Frå Orkevika og fram til ny pumpestasjon i Djupvika kjem eit nytt strekk med sjøleidning. Planen er å legge den i haust. Arbeidet med pumpestasjonen i Djupvika er godt i gang og støypinga av nederste del er ferdig.
Sunde og Kongshaugstranda
Det er i tillegg planlagt oppstart i oktober for pumpestasjonen på Sunde, ved parkeringsplassen ved ferjekaia. Dette blir eit bygg som er sju meter langt og med mønehøgd på cirka fem meter. I tillegg kjem parkering og tilkomstveg.
På Kongshaugstranda er rørstrekket frå berghallane gjennom vegen og til sjø ferdig lagt og biltrafikken kan gå som normalt igjen. Inne i hallane er ein godt i gang med betongarbeid og støyping av mellom anna dei store reinsebassenga.
