Stenging av StadsnesvegenI samband med legging av overføringsleidning til Kongshaugen reinseanlegg, må Stadsnesvegen stengast frå onsdag denne veka og utover sommaren.Stenginga blir mellom Sulatunet og Lerheimskaia/hurtigbåtkaia.Det blir jobba med mål om å bli ferdig til sommarferien, men framdrifta er avhengig av om ein møter eventuelle uventa utfordringar i grunnen.Vegen blir stengt for biltrafikk, men det blir mogleg å gå og sykle mellom sentrum og hurtigbåtkaia.Det blir lagt til rette for køyring til eigedomane, men det vert altså ikkje gjennomkøyring for anna trafikk. Det blir skilta omkøyring for dei som skal til og frå hurtigbåtkaia.Det er venta at arbeidet skal starte onsdag 20. mai.Bussen til hurtigbåten og Lerheimskaia kjem til å stoppe ved ein midlertidig busstopp ved Spar Langevåg.Lysregulering StraumenI samband med legging av overføringsleidningane blir det også behov for graving i Vågnesvegen, og det blir lysregulering ved Straumen eit par dagar i veka etter 17. mai. Sist endra 18.05.2026 07.37