Ved inngangen til påske 2026 jobbar vi på ni stader i tillegg til sjølve reinseanlegget.
Sjå bilde frå dei ulike byggeplassane i bildekarusellen under:
- Larsgården – godt i gang med betongarbeid på pumpestasjonen
- Breivika – har kome lengst av alle stasjonane. Nærmar seg ferdig, pumper og utstyr er installert.
- Leidninga over Moa - vi er i gang ved golfbana, legg leidning og straks klar å stelle i stand gangveg igjen pluss at det er oppretta eit stykke ny gangveg på nedsida av golfbana.
- Ved Spjelkavik kyrkje – vi har begynt å grave og gjere klar til å bygge ventilhus.
Ved Åsefjorden – der har nytt ventilhus begynt å vise godt igjen - Åse – dette blir den største pumpestasjonen og mykje betongarbeid er allereie unnagjort.
- Vegsund – boregrop er ferdig og vi har bora fleire titals meter austover og gjennom fjellet i retning Stafsethneset.
- Stafsethneset – i gang med mottaksgropa og staden der det skal bli ventilkum. Her blir til slutt kun kumlok synleg.
- Djupvika – vi er i gang med graving for pumpestasjonen i Djupvika i Sula.
- Reinseanlegget på Kongshaugstranda – godt i gang med betongarbeid og legging av duk i tak.
Sist endra 27.03.2026 10.32