Sleping av sjøleidning gjennom Vegsundet

UTSETT TIL ONSDAG! Det planlagte slepet av sjøleidning tirsdag 22. september er utsett til onsdag på grunn av vind. Slepet vil påverke båttrafikken i Vegsundet, Tjørsundet og over fjorden til Åse. 

Vi sleper frå Giørtz- tomta på Sjukenesstranda, via Vegsundet og under Tjørsundbrua. Leidninga skal fram til den nye pumpestasjonen ved Åse reinseanlegg og ligge derifrå og til Stafsethneset. 

Dette er ei lang leidning på rundt 3750 meter.

Arbeidet vil påverke båttrafikken i området og i ein kortare periode kan det bli stengt for trafikk. Det er stilt krav til entreprenør om at det skal vere fartøy som skal halde vakt, og vi oppmodar båtførarar og andre som ferdast på sjøen om å vere merksame og varsame. 

For å få slept leidninga på plass er vi avhengig av godt og lagleg vêr, og det kan bli endringar dersom det blir mykje vind, bølger eller anna. Dersom leidninga ikkje kan leggast som planlagt, kjem vi tilbake med oppdatert informasjon. 
 

Spørsmål?

Har du spørsmål undervegs i arbeidet kan du ta kontakt med byggeleiar Frank Hide på telefon 
tlf + 47 98 62 30 34 eller på e-post til frank.hide@afry.com