
Det er planlagt slep og legging av det som er den siste sjøleidninga i denne omgang. Planen er at det skal skje fredag 30. januar, og slepet vil gjere at Vegsundet og Vegsundvågen blir stengt for båttrafikk i nokre timar. Det er mykje som skal klaffe når vi skal slepe og legge leidning, så rådet dersom du skal ut i båt i dette området, er å sjekke oppdatert informasjon om leggetidspunkt anten her på sida eller på Facebook-sida til Blå fjordar.
Kongshaugen - Hamnevika
Den siste leidninga for no er overføringsleidninga som skal gå mellom Kongshaugen bortover mot Hamnevika. (Leidninga skal ikkje leggast opp på land ved Hamnevika no. Siste strekket blir foreløpig lagt på sjøbotnen utover langs Flisneset.)
Det er ei forholdsvis lang leidning. Leidninga blir slept frå Sjukenesstranda gjennom Vegsundet til og Vegsundvågen. Slepet startar om morgonen/på føremiddag og vil stenge Vegsundet for båttrafikk akkurat under slepet gjennom sundet.
Deretter skal leidninga leggast på tvers over Vegsundvågen før ho blir seinka ned på botnen. Dette arbeidet skjer utover ettermiddagen og medan det pågår, blir området stengt for kryssande båttrafikk.
Dette arbeidet er avhengig av mange faktorar og sjølvsagt av godt og lagleg vêr, og det kan bli endringar i tidspunkt dersom det blir mykje vind, bølger eller anna.
Tidspunkt blir oppdatert her på heimesida og på Facebook-sida til Blå fjordar straks vi får ny informasjon frå entreprenør som utfører arbeidet.
Har du spørsmål om stenging av Vegsundet og tidspunkt, kan du ringe byggeleiar på tlf 98 62 30 34
Sjøleidninga blir merka med flagg og lampar som lyser når det er mørkt. Det er stilt krav til entreprenør om at det skal vere fartøy som skal halde vakt, og vi oppmodar båtførarar og andre som ferdast på sjøen om å vere merksame og varsame.
Leidninga skal ligge på botnen og det skal ikkje gravast i sjøbotnen i samband med legging av sjøleidninga gjennom naturreservatet.
