Siste innspurt på veg og asfaltI veka før påske startar arbeidet med dei siste delane av veg og fortau langs Kongshaugstranda og FabrikkvegenNo blir det siste finpuss med mellom anna tilsåing i skråningane langs vegen.Det er ulike typar arbeid som skal gjerast på ulike stader langs strekket.Langs Kongshaugstranda skal det stellast til og gjerast siste finpuss langs og på vegen med mellom anna litt opprydding i grøfter, kantar, oppretting av asfalt ved kummar og veglys og programmering av veglys. Når våren har kome, kan vi også få sådd i skråningane langs vegen Arbeidet startar før påske og vil halde fram utover i mai.I denne perioden vil delar av vegen måtte avsettast til arbeid og det blir smalare veg akkurat der entreprenøren arbeider. Trafikksikkerheita skal ivaretakast og det kan bli kortare stopp av og til.Strekket frå riggplassen og innoverSiste arbeidet innover mot på Fabrikkvegen, på strekninga frå riggplassen og til Møre palleservice vert også gjort no framover mot sommaren.Det skal klargjerast til asfaltering, støypast fortauskant og asfalterast både på vegen og det nye fortauet. Når dette skjer, må vegen stengast. Det blir ein kort periode og vi arbeider for at den skal bli så kort som råd. Vi kjem tilbake med meir detaljert informasjon om dette seinare. Sist endra 04.04.2025 11.45