Oppstart leidning Sulatunet-Lerheimskaia og Kippervika-Orkevika

No april startar arbeidet med å legge overføringsleidning på land i Sula. 

Det skal leggast leidning på to strekningar: Sulatunet til Lerheimskaia og mellom Kippervika og Orkevika. 

Sulatunet - Lerheimskaia

Arbeidet mellom Sulatunet og Lerheimskaia vil påverke trafikken i eit tettbygd område der det er mykje trafikk av bilar og folk. Dette blir det tatt omsyn både når det gjeld skilting av omkøyring og parkeringsforholda på Lerheimskaia. 

Kartet under viser dei ulike fasane for arbeid i Langevåg sentrum. Fase 1 er ved Sulatunet mot Syvergarden. Her startar arbeidet i midten av april. Sjølv om det blir graving og legging av rørleidning i vegen, skal det vere eit ope, smalt felt slik at bilar kan passere. Det kan likevel bli enkelte tilfelle med kortare ventetid for å få på plass utstyr og maskinar o.l. 

I hovudsak vert det arbeid mellom klokka 7 og 16.

I samband med med arbeidet med overføringsleidning frå Syvergarden/Sulatunet, via Stadsnesvegen til Lerheimskaia kan det framover bli mindre sprengingsarbeid.

Dersom du ønsker å få varsel om sprenging, kan du sende sms til byggeleiar på telefon 94 87 66 41.

kart over langevåg med faser for legging av rør - Klikk for stort bilete

 

Har du spørsmål?

Då kan du ta kontakt med byggeleiar Trygve Wigestrand Årsvold på 

Kippervika - Orkevika

På det strekket mellom Kippervika og Orkevika skal det leggast landleidning i tillegg til sjøleidning gjennom Vågevatnet. Det skal også leggast sjøleidning mellom Lerheimskaia og Kippervika og det blir bygd ny veg i Orkevika.

Leidninga i Vågevatnet blir forankra med lodd og ligg i hovudsak på 3-4 meters djupne. 

Ikkje varig hinder for ferdsel, friluftsliv eller landskap

Tirsdag 3. mars vedtok plan- og miljøutvalet i Sula dispensasjon frå Kommuneplanen sin arealdel med denne grunngjevinga: Tiltaket er ein nødvendig del av nytt og framtidsretta avløpssystem for Sula og Ålesund. Leidningane blir lagde i grunnen eller på botn av Vågevatnet og medfører ikkje varig hinder for ferdsel, friluftsliv eller landskap. Omsyna bak føresegner og arealformål blir ikkje vesentleg tilsidesett. Fordelane – miljøgevinst, redusert forureining, oppfylling av reinsekrav og samfunnstryggleik – er klart større enn ulempene.

Vilkåra er mellom anna at det blir gjennomført arkeologisk registrering.

Oppstart blir tidleg i sommar. Kontrakt på arbeidet er inngått og røra er allereie komne til Sunnmøre.

kart med raud strek som viser kvar leidning skal ligge - Klikk for stort bileteSkisse over kvar leidninga mellom Kippervika og Orkevika skal ligge