Prosjektet «Blå – fjordar for framtida» er eit samarbeid mellom Ålesund kommune og Sula kommune om å bygge nytt avløpsreinseanlegg på Kongshaugen i Sula kommune. Anlegget skal reinse avløpsvatn frå rundt 50.000 personar/66.000 pe.
I tillegg til sjølve reinseanlegget, skal det leggast rundt 34 kilometer med rør og byggast sju pumpestasjonar, to ventilhus og ein ventilkum, for å frakte avløpsvatnet fram til Kongshaugen.
Ein av desse pumpestasjonane er ny pumpestasjonen i Hamnevika.
Den gamle pumpestasjonen som ligg sentralt i friluftsområdet i Hamnevika blir samtidig tatt vekk og området der den har stått vert tilstelt og sådd til. Når Kongshaugen reinseanlegg kjem i drift, vert også drifta ved reinseanlegget på Flisneset avslutta. I staden kjem ny pumpestasjon med tilkomstveg, terrengvoll og vass- og avløpsleidningar.
Arbeidet med pumpestasjonen skal etter planen starte andre veka i september (veke 37) og er planlagt ferdig til sommaren 2027.
Det var halde informasjonsmøte for naboar torsdag 3. september. Presentasjonen som vart vist finn du her. (PDF, 2 MB)
Entreprenør vil normalt forhalde seg til ordinær arbeidstid frå 07 til 15, men kan tilpasse arbeidet kvardagar til mellom klokka 7 og 19. Det er lagt føringar for at støyande arbeid skal vere avslutta klokka 17. Det skal normalt ikkje arbeidast kveld eller i helgar.
Pumpestasjonen
Profil av pumpehus med møne- og gesimshøgde på mellom 2,7 og 5,6 meter over gjennomsnittleg planert terreng.Den nye pumpestasjonen er 44 kvadratmeter med utvendige mål på om lag 6 x 8,5 meter. Bygget blir etablert med saltak og liggande trekledning, for å vere tilpassa byggeskikk i området med naust og båthus. Pumpestasjonen vert delvis plassert ned i grunnen, for å ruve mindre. Huset er planlagt malt i grå, nøytral farge.
Pumpestasjonen er eit lukka anlegg utan skjemmande lukt, bygget blir lydisolert og støynivået lavt. Utlufting er plassert på veggen mot sjø og lufta ut går også gjennom luktfjerning før den vert sleppt ut til omgivelsene.
Prosess og tilpassingar

Det er vurdert fleire ulike plasseringar av pumpestasjonen. Stasjonen slik den no skal byggast er flytta sørvestover og justert slik at plasseringa gir mindre inngrep i friområdet enn i første forslag til plassering. Målet har vore å gi minst mogleg negativ påverknad på akebakke og friområdet som heilheit samtidig som ein må innfri tekniske krav til slikt som leidningsføring, fallforhold, grunnforhold (som kvikkleire) og tilkomst.
Det er gjennomført geoteknisk prosjektering ut frå at området er kartlagt som mogleg fareområde for kvikkleireskred. I prosjekteringa er det gitt føringa for sikkert utføring av arbeid. Det er også sagt at delar av byggegrop skal gravast ut etter avklaring og oppfølging i samråd med geoteknikar. Pumpesump i byggegrop skal haldast fylt med vatn til tilbakefylling er gjort slik at ein ivaretek stabilitet og sikkerheit
Spørsmål?
Har du spørsmål undervegs i arbeidet kan du ta kontakt med byggeleiar Frank Hide på telefon
tlf + 47 98 62 30 34 eller på e-post til frank.hide@afry.com