Nattestengt E136 over MoaE136 over Moa blir stengt også natta til fredag 26. juni. Trafikken må køyre via Langelandsvegen eller Lerstadvegen.Ei av overføringsleidningane til Kongshaugen reinseanlegg går frå Breivika oppover til Moa og ned til Åsefjorden. Det aller meste av leidninga er ferdig lagt, men no er vi i gang med strekket frå området ved Circle K på Moa, over E136 og oppover langs Vestmoa til parkeringsplassen ved Spjelkavik kyrkje. For å få lagt leidninga, må ein grave over E136. Det vart gjort natta til onsdag 24. juni og natta til torsdag 25. juni, med stenginga mellom klokka 20.15 og 06.00.Under graving av grøfta dukka det plutseleg opp eit rør på tvers av grøfta som ikkje var avmerka i noko leidningskart. Det betyr at arbeidet tok lenger tid. Difor treng ein ei natt til med arbeid for å asfaltere og ta siste finpussen. E136må dermed stengast også natt til fredag 26. juni. I denne perioden må trafikken gå over Langelandsvegen eller Lerstadvegen.I ein kortare periode i sommar vert også nokre få av parkeringsplassane på parkeringsplassen ved Moa helsehus/Thon Senter Moa berørt av gravearbeidet. Meir om Kongshaugen reinseanlegg og overføringsnettet finn du på www.blafjordar.noHar du spørsmål, kan du ta kontakt med byggeleiar Trygve Wigestrand Årsvolde-post: trygve.wigestrand.arsvold@alesund.kommune.notelefon: 94 87 66 41 Sist endra 25.06.2026 14.12