Nabolagsmøte 27. november 2024

Onsdag 27. november inviterer vi til nabolagsmøte på Fole festlig.

avisannonse for nabolagsmøte - Klikk for stort bilete

Etter nyttår startar arbeidet med tunnelar og berghallar til Kongshaugen reinseanlegg. I samband med det inviterer vi til nabolagsmøte med informasjon om denne neste fasen i prosjektet.

Møtet blir på Fole festlig, Kongshaugstranda 9, kl 18-19.

På møtet blir det med folk frå prosjektet Kongshaugen reinseanlegg, byggeleiar og entreprenøren.

Dei vil mellom anna orientere om

  • byggestart
  • korleis arbeidet blir lagt opp, kva tid på dag det blir aktivitet osv.
  • sprenging og korleis det vil merkast av folk i området

 

Det er sett av tid til å svare på spørsmål.

Møtet er ope for alle interesserte og blir annonsert i Sulaposten og Sunnmørsposten i tillegg til at det blir sendt ut invitasjon i postkassene på Kvasneset.