Midlertidig utsleppsløyve - ute på høyring

Søknad om midlertidig utsleppsløyve ved etablering av fjellhallar til Kongshaugen reinseanlegg i Sula kommune vart i januar 2024 lagt ut på høyring. 

Ålesund kommune og Sula kommune søkjer om mellombels utsleppsløyve etter forureiningslova for anleggsdrift ved etablering av fjellhallar til Kongshaugen reinseanlegg i Sula kommune, gnr. 58 bnr. 1.

Vatn frå anleggsdrift skal samlast og gå til reinseanlegg. Det er planlagd å sleppe ut reinsa vatn til Vågane på om lag 10 meters djupne.

Statsforvaltaren la ut søknaden på høyring.  Fristen for merknader var 23. februar. 

Sjølve søknaden finn du her. (PDF, 4 MB)

Eventuelle merknadar skulle sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no innan 23.02.2024.