Mai 2023: Namnet er Kongshaugen reinseanleggEndeleg vedtak er no gjort i Utvalet for kultur og folkehelse, og reinseanlegget på Kongshaugstranda heiter no Kongshaugen reinseanlegg. I samband med forprosjektet vart ulike plasseringar av administrasjonsbygg og berganlegg vurdert. Då ein enda på plassering på Kongshaugstranda, kom også behovet for eit namn som spegla den plasseringa og ikkje plassering på Kvasneset.Namnenemnda i Sula hadde først oppe saka, men etter innspel frå Språkrådet og privatpersonar, vart saka tatt opp på nytt og ein gjekk for "Kongshaugen reinseanlegg".Planutvalet for kultur og folkehelse har siste ord i slike saker. Dei hadde opp saka 31. mai 2023 og vedtaket er "Kongshaugen reinseanlegg".Heile saka finn du her. Sist endra 15.07.2024 08.07