Mai 2023: Nabolagsmøte

Tirsdag 23. mai inviterer "BLÅ - fjordar for framtida"  til nabolagsmøte med informasjon til bebuarar, næringsdrivande og andre med aktivitet og interesser i Veibust grunnkrins.

Møtet blir på Sula ungdomsskule, tirsdag 23. mai klokka 20-22.

Arbeidet før bygginga startar og spesielt sjølve byggefasen vil gi mykje aktivitet i området. Det kan i periodar bli krevande sjølv om ein vil gjere sitt beste for at det skal bli minst muleg ulemper. 

Ein inviterer difor til dette møtet som ein start på det ein håper vil bli god samhandling med nabolaget. 

På møtet blir det informasjon om tema som

framdrifts og kva som skjer fram mot byggestart

  • massetransport
  • bergkvalitet, bergarbeid, synfaring på hus, sprenging
  • arkeologiske utgravingar
  • annan aktivitet i området i samband med bygging
  • Og det blir sjølvsagt høve til å stille spørsmål.

Dei som blir med på møtet er:

  • Tore Pettersen, prosjekteringsleiar Asplan Viak, reinseanlegg og administrasjonsbygg
  • Henki Ødegaard, ingeniørgeolog Multiconsult, prosjekteringsansvar for etablering av fjellhallar og fjellskjæringar
  • Elin Nerem, rådgivar for "Blå - fjordar for framtida"
  • Representant for Sula kommune.
dronebilde med oversikt over Veibust grunnkrins - Klikk for stort bilete